Nasjonal rassikringsgruppe er skuffa og ser ingen offensiv satsing på rassikring i det som er kome fram om Nasjonal Transportplan (NTP) til no.

Rassikringsgruppa er uroa for innbyggjarar som må bu og leve med rasfare over store deler av landet.

Berre 50 prosent

Statssekretær Tom Cato Karlsen kunne på den nasjonale rassikringskonferansen i Tromsø 9. mars røpe at det vert lagt opp til å bruke 24 milliardar kroner til rassikring i løpet av 12-årsperioden.  Men dette er berre halvparten av det Nasjonal rassikringsgruppe har kravd ut frå dokumenterte behov, og håpa på kom no i NTP.

–Dette syner det vi var redd for, nemleg at regjeringa ikkje har nokon offensiv satsing på rassikring. Ein legg heller ikkje opp til å sjå på rassikring som eit nasjonalt prosjekt i ein heilskapleg plan, seier Åshild Kjelsnes, leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, og peikar vidare på at det manglar ei konkret tidsramme for ras- og skredsikring av vegnettet.

–Det er svært skuffande på vegne av alle innbyggjarar som må bu og leve med rasfare over store deler av landet, seier Kjelsnes

Vise vilje

No set gruppa si lit til at dei politiske partia viser vilje til å auke løyvingane før Nasjonal Transportplan skal vedtakast i Stortinget i juni i år.

–Det burde vere mogleg ut frå dei positive signala om lag alle politiske parti har gitt med omsyn til kor viktig rassikring av vegnettet er.  Vi har faktisk ikkje møtt noko parti som ikkje har sagt seg einig i at dette er eit stort nasjonalt ansvar, seier Kjelsnes.