Dei to elevane ved Eid vidaregåande skule går begge på Vg2

Automatisering, og vart valde ut til å delta på NTNU sin framtidscamp for samfunnsengasjert ungdom etter søknad.

– Av dei 50 som vart valde ut, var det berre fem som går på yrkesfag, fortel Adrian og Ingar.

For å få plass på framtidscampen må ein ha ambisjonar om å ta leiande roller i samfunnet, ha tillitsverv, erfaring frå organisasjonsliv og samfunnsengasjement.

Unge entreprenørar

Både Adrian og Ingar er med i ungdomsbedrifta Nordfjord Technologies.

– Eg har også site i elevrådstyre og hatt styreverv i 4H, fortel Ingar.

– Eg var med i Westtip supplies, som vann seks prisar i NM for ungdomsbedrifter, fortel Adrian, som var blant dei 12 første som vart valde ut til årets framtidscamp i Trondheim. Det betyr at han er éin av 12 ambassadørar for framtidscampen.

– Oppgåva som ambassadør går ut på å fremje framtidscampen i distriktet, seier Adrian.

Framtidsretta problem

På framtidscamp får du mulegheita til å løyse konkrete, framtidsretta problem ved hjelp av entreprenørielle metodar og tankesett. Fire private bedrifter stilte med sine problemstillingar, og deltakarane vart delt inn i grupper som skulle løyse desse. Både Adrian og Ingar var i grupper som fekk utfordringar frå Trønderenergi. Arbeidet i gruppene pågjekk frå søndag til tysdag. Den eine gjekk på marknadsføring av solenergi, medan den andre gjekk på informasjon til forbrukarar for å få dei til å endre forbruksvanar.

– Vi laga ein modell av ein by som fekk all energiforsyning frå solceller og ein vindmøllepark, fortel Adrian.

– Vår oppgåve gjekk på automatisering, altså utvikle system for endring av forbruksvanar utan at forbrukar aktivt gjer noko som helst anna enn til vanleg, fortel Ingar.

Nye kontaktar

Etter å ha brukt ei langhelg i Trondheim saman med andre engasjerte ungdommar frå heile landet, er begge nøgde med utbyttet.

– Vi fekk møte mange engasjerte folk på vår eigen alder, og har skapt nye kontaktar, fortel Ingar Hjelle og Adrian Haavik.