Sist helg spelte Ellijanne Skrede Anderson innandørs-KM i Futsal for Eid jenter 15 år og Eid jenter 16 år. Det vart sølv for 15-åringane og gull for 16-åringane.

No er ho ei av til saman 56 jenter fødde i 2002 i Norge som er tatt ut til landsdelssamlingar. Det blir arrangert to landsdelssamlingar, der Ellijanne er ei av 26 jenter som skal delta på samling i Sarpsborg 23. – 26. mars.

To andre jenter frå fylket er tatt ut til denne samlinga. Dette er Ingrid Lovise Jåstad, Kaupanger og Martine Midtbø Humlestøl, Florø.

Her kan du sjå heile uttaket.

Landsdelssamlingar er ein del av Landslagsskulen og skal kartlegge dei beste utøvarane fram mot uttak til aldersbestemte landslag og Nasjonalt tiltak J 14. Landslagsskulen skal vidare vere ein referanse og påverkningsarena for spelarane; ein arena kor spelarane haustar erfaringar som dei tek med seg tilbake til klubben og treningskvardagen.