Kvinnedagen 8. mars

– Eg er oppvaksen med ei mor som var svært oppteken av 8. mars, og som gjekk i tog. Eg gjekk med ho, men var ikkje like bevisst dengong. Like rettar og like mulegheiter er framleis veldig viktig. Vi er komt veldig langt i Norge, men det er framleis mykje som manglar. Vi må også sjå ut i verda på dei urettane som vert begått. No har også president Trump byrja stramme inn den offentlege pengestøtta til helseorganisasjoner som gir veiledning om abort. Vi kan ikkje stoppe og vere nøgde no, men vi må vere bevisst heile tida, seier Siri Sandvik.

Markering i Bankpuben

Dei fire siste åra har 8. mars vore markert på forskjellig vis, og i år er det eit arrangement i bankpuben på kvinnedagen.

– Det er AP og SV i Eid som har gått saman om arrangementet som er ope for alle, både kvinner og menn. Vi har fire som skal komme med apellar. Dei eine er dottera mi Sara Sandvik Arnestad, som er leiar i elevrådet. Kristin Maurstad, ordførar i Vågsøy vil også halde ein apell, det same vil Kari Pavelich og Kari Bergset, som har doktorgrad innan innvandrarkvinner. Det blir også musikkinnslag, fortel Sandvik.

På Sogn og Fjordane si Arbeiderpartiside seier Siri Sandvik følgande om 8. mars:

– Likestilling er ikkje noko vi har eller noko vi får. Likestilling kjem ikkje av seg sjølv. Likestilling er derimot noko vi må vere bevisste på, opptekne av og arbeide for heile tida. Vi som er vaksne har eit stort ansvar for å formidle gode haldningar til dei som er unge, til våre døtre og søner, slik at vi saman kan arbeide for at Norge og resten av verda vert enno meir likestilt i framtida, seier Siri Sandvik.