Dei har begge felles interesse for avlsarbeid, og er blitt svært fasinert av den vesle Shetlandsponnien. I dag har dei 18 ponniar i dei to rasane Shetlandsponni, og mini- Shetlandsponni, og driv både med oppdrett, utstilling og barneriding.

– Det er langt frå noko butikk i dette, men vi driv med det fordi vi har stor interesse av avlsarbeid. I starten dreiv vi med store varmblodshestar, og fekk tre føl. Men her fanst ikkje noko miljø for varmblods, og vi følte det gjekk litt trått. I mellomtida kjøpte vi ein liten shetlandsponni som gjekk saman med dei store hestane. Vi vart veldig fasinert av den vesle hesten både når det gjeld temperament, kor robust den var og kor enkel den var å handtere. Vi kom inn i eit veldig godt miljø for Shetlandsponniar både her til lands og på Shetland, og lærte oss etter kvart meir om blodslinjene til denne hesten. Det første følet fekk vi i 2013, som vi selde til Sverige.

Møttest på midten

Caroline kjem opphavleg frå Stockholm, og har drive med hest sidan ho var tre år gammal. Ho er utdanna ridelærar i Danmark og har drive med hest heile livet og har gjort det meste innan hest. Ho hadde ein Shetlandsponni då ho var lita hestejente.

– Eg starta med ponniar, og sluttar med ponniar, det er litt morosamt, seier Caroline.

Ole Morten dreiv med sau fram til for tre år sidan. Då måtte dei ta eit val om anten å investere og bygge nytt, eller avslutte sauedrifta.

– Vi var plaga med mykje rovdyr som tok lam. Framtida var usikker, og tanken på å bygge nytt sauefjøs var ikkje forlokkande i vår alder. Eg hadde ingen erfaring med hest frå tidlegare, men overgangen til å drive med shetlandsponniar har vore enkel. Teknisk sett oppfører Shetlandsponnien seg i stor grad på same måte som sauen. Raslar du med kraftforbøtta, så kjem dei springande akkurat som sauen. Dei likar seg best i flokk. Eg har hatt ein bratt læringskurve, fortel Ole Morten.

Bygger på 100-årig tradisjon

– Eg storkoser meg når eg sit og blar i stamtavlene, det er veldig interessant. Vi bygger vidare på ein over 100-årig tradisjon med avlsarbeid av Nelly Nicholson frå Shetland. Då ho døde i fjor (nitti år gammal) tok også Brindister stutteriet ho dreiv slutt. Vi byggjer vidare på hennar arbeid, og bygger våre hoppelinjer på ei gammal Shetlandslinje, fortel Caroline.

Spør aldri om å få kjøpe

Frå gammalt av, vart Shetlandsponnien brukt som gruvehest. Den er liten, sterk og ei av få hestar som kan trekke si eiga vekt. Men det var ofte adelsfolk som eigde desse hestane. Gruvene vart stengt, og shetlandsponnien vart avla vidare på av adelsmenn.

– Difor heng det kanskje litt igjen, at ein aldri spør om ein kan få kjøpe ein Shetlandsponni på Shetland. Ein vert tilbode å kjøpe hesten. Ein må vere det verdt å eige ein Shetlandsponni. Vi har fått tilbod om å kjøpe mange, men det har vi ikkje mulegheit til. Fleire kallar garden vår for eit ponniparadis, seier dei. Ein Shetlandsponni kan bli 40 år, og dei er produktive til dei er kring 20 år. Oppdrettet på Erviksæter er blant dei største på Shetlandsponniar i Norge.

Hestekos: Caroline Erviksæter får ein skikkelig hestekos av Shetlandshoppa. Foto: Anita Ingebrigtsen
Som sauer: Ole Morten Erviksæter syntest ikkje overgangen frå sau til shetlandsponniar var store forskjellen. Både flokkmentalitet og lynne liknar på måten sauen er. Foto: Anita Ingebrigtsen
Likar orkan: Shetlandsponniane er vande med å gå ute heile året på Shetland. – Vi stengde dei inne ein gong det var meldt orkan, det var ei traumatisk oppleving for dei, så vi slutta med det. Foto: Anita Ingebrigtsen
Veldig SMÅ: Mini-Shetlandsponniane blir ikkje særleg store. Hoppene er rundt 85 cm i mankehøgde. Her står Ole Morten og Caroline på tunet ved Erviksæter gard. Foto: Anita Ingebrigtsen
Flott utsikt: Frå garden øvst oppe i Ervik ser dei utover fjorden, og Davik på andre sida av fjorden. Hestane har fri tilgang på mat og vatn, og trivst best ute i ver og vind. Foto: Anita Ingebrigtsen
Staseleg hingst: Sjølv om han ikkje er så stor, så har Merkisayre Dancer allereie produsert eit tjuetals føl. Det er heilt vanleg å låne hingstane til kvarandre innanfor miljøet, for å avle på nye blodslinjer. Foto: Anita Ingebrigtsen