Alfred Bjørlo sitt facebook-innlegg vart ei av dei mest delte sakene i Norge sist veke. Det hadde Eid-ordføraren aldri venta.

– Nei. Ikkje i det heile tatt. Innlegget vart skrive heilt spontant, utan mål om å bli "allemannseige". Hugsar at eg sa til Magni då eg hadde lagt det ut på Facebook at no har eg i alle fall fått tømt meg, men det er sikkert så langt at ingen kjem til å lese det, seier Bjørlo.

Spontan reaksjon

Som kjent for dei fleste resulterte Bjørlo sitt facebook-innlegg i massiv merksemd. Innlegget frå Bjørlo var ein spontan reaksjon på ein uttale som finansbyråd i Oslo, Robert Steen, kom med i samband med saka om utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo: «Årsaken til at vi har en del offentlige arbeidsplasser i Oslo, handler om at Oslo er et kompetanse-sentrum. Der vi i Oslo kan trekke på akademia og privat næringsliv i stor utstrekning, er dette vanskeligere i en del andre deler av landet, som for eksempel Sogn og Fjordane.»

– Kva trur du er årsaka til den massive reaksjonen, som det frå distrikta/Sogn og Fjordane synest å vere tverrpolitisk semje om?

– Eg trur det har sett ord på kjensla av å ikkje bli sett av dei som sit med makta. Å høyre at vi i store og små lokalsamfunn landet rundt ikkje har kompetanse nok - det provoserer noko utruleg. Vi veit i vår kvardag at dette ikkje er sant.  Eg har fått enormt mange reaksjonar på innlegget frå folk i heile landet - og utelukkande positive. Det kjennes godt å ha sett ord på noko som betyr så mykje for så mange.

Varierte arbeidsmarknader

– Kvifor er det så viktig å etablere statlege arbeidsplassar utanfor Oslo?

– Noreg er eit langstrakt land der folk bur spreidt. Vi treng varierte arbeidsmarknader over heile landet. Der er statlege arbeidsplassar ei viktig brikke, særleg fordi vi veit at to tredelar av norsk ungdom i dag tek høgare utdanning.  Skal dei i framtida kunne busetje seg over heile landet, ikkje berre i og rundt Oslo, må fleire fagmiljø etablerast utover i landet. Hugs at det dei siste ti åra har blitt 10.000 fleire statlege arbeidsplassar i Oslo. I Oslo er det no 75 statstilsette per 1.000 innbyggjarar, i Eid er det berre ti per 1.000. Dette skaper sentralisering, og svekkar moglegheitane for vekst andre stader i landet.

– Ein vesentleg del av grunngjevinga for både gjennomførte og pågåande reformer er at endringane er nødvendige fordi verda har forandra seg. Er den same grunngjevinga fornuftig i argumentasjonen for å flytte ut statlege arbeidsplassar frå Oslo?

– Ja. Moderne teknologi og digitalisering gjer avstandar mindre viktige enn før for etablering av slike kompetansemiljø. Lotteri- og stiftingstilsynet i Førde er eit glimrande døme på ei statleg ebtablering utanfor storbyane som fungerer godt. Hugs at dei statlege fagmiljøa vi snakkar om her, heller ikkje er direkte publikumsretta tenester slik til dømes sjukehus og politi er. Difor kan desse etablerast over heile landet der det er gode bu- og arbeidsmarknadsregionar, meiner Bjørlo.

Trur på prinsippendring

– Er det realistisk å tru at den kan bli innført nye prinsipp for lokalisering av nye statlege arbeidsplassar, som vil få langvarig fleirtal på Stortinget?

– Ja, det trur eg. Eg oppfattar at alle parti no støttar prinsippet om å bryte trenden med at statlege arbeidsplassar blir sentralisert til Oslo i stadig større tal.

– Er det tilfeldig at regjeringa drar fram denne saka akkurat no, med tanke på haustens Stortingsval?

– Slik eg kjenner saka, så er faktisk svaret ja! Venstre har vore pådrivaren i saka på Stortinget. Vi har ønskt å kome i gang med utflyttingsarbeidet mykje før. Men det var først i fjor vår det baud seg ei anledning til å få Regjeringa til å forplikte seg til å vere med på å lage ein samla plan for utflytting. Difor kjem planen først no. Men betre seint enn aldri, seier Alfred Bjørlo.