Oppdraget for Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) er den hittil største ordren for gründerverksemda som starta i Holmøyane for to år sidan. Etter ei tid med utviklingsarbeid der dei har jobba for å finne eit produkt å masseprodusere, lukkast dei med å hale i land kontrakten i Bergen ved nyttår.

Millionkontrakten gjer at verksemda har sikra seg fotfeste i marknaden – i alle høve på kort sikt.

No jobbar åtte personar for fullt med å lage ferdig dei 168 køysengene. Møbelet er ein del av eit konsept kalla «Compact Living». Altså at du skal kunne bu praktisk på ei lita flate.

Fantoft

– SiB byggjer for tida to nye blokker på Fantoft der dei skal losjere inn utvekslingsstudentar for kortare eller lenger periodar. Det kan vere at folk skal bu der eit halvt år eller eitt år. Det er planlagt at ein til to personar skal bu på romma. Vi har designa køysenga slik at den nedste også kan fungere som dagsofa, fortel Marta Myklebust. Eidaren med bachelor i interiør- og produktdesign frå Bergen og Milano er tilsett i verksemda som prosjektansvarleg. Ho fortel om ein allsidig arbeidskvardag der oppgåvene varierer frå produktutvikling til marknadsarbeid og produksjon.

– Det er noko som er positivt med ei lita verksemd i oppstartsfasen. Det er kort veg frå kontora inn i produksjonshallen.

Den smarte sengeløysinga som er utvikla for SiB, kom i stand gjennom eit samarbeid mellom eigarane David Sigurdsson og Jarl Even Eide, og Marta.

– Det var eit samarbeid der eg gjorde ein jobb med design og utforming, dei testa ut løysingane. Senga er bygd opp av platekomponentar. Det er kryssfiner med laminat på begge sider. Dette er både slitesterkt og enkelt å reingjere.

InVia lagar sengebotnar

Kontakten oppstod gjennom InVia på Eid som lagar sengebotnar til prosjektet.

– Eit firma i Ytre Arna som skal levere madrassene, hadde kontakt med InVia. Vi vart ein del av det nettverket. Rett etter nyttår vart vi kontakta av SiB som lurte på om vi ville kome med forslag til løysing. Dei hadde eit forslag på bordet som dei ikkje var nøgd med. Først laga vi eit litt meir avansert konsept med kontorplass i det opne rommet under senga. Tilbakemeldinga var at dette vart for dyrt. Då laga vi ei nedstrippa løysing som dei ville ha, og vi fekk eit budsjett, seier Myklebust.

Sengene blir produsert ferdig i delar i Holmøyane, og frakta flatpakka til Bergen der representantar for Feel Free Production er til stades og skrur dei samen.

Sist veke var eigedomssjefen og administrerande direktør i SiB på besøk i Holmøyane for å sjå på produksjonen.

Feel Free Production vonar no oppdraget for SiB skal føre til fleire oppdrag. I samband med samanslåinga av høgskulane i Bergen, Sogndal, Førde, Stord og Haugesund til Høgskulen på Vestlandet, er det vedteke at det også skal bli ein felles studentsamskipnad. Dette er ein organisasjon som sit på ein stor eigedomsmasse, med kontinuerleg utvikling og utbygging.

Morosamt halvår

Myklebust fortel at verksemda ved sidan av oppdraget med køysengene no jobbar med eit prosjekt kalla MultiWorld som dei prøvar å få inn i butikk slik at det kan produserast i større volum.

– Det er ein vegghengmodul med perforerte plater slik at du kan ommøblere hyllene slik du vil på veggen. Marknaden har vist interesse for produktet. Målet er å få selt det i større mengde. Vi har ein bra posisjon i Nordfjord og lokale bygder, men ynskjer å nå ut i landet.

Ho fortel at dei har lagt bak seg eit artig halvår.

– Vi har mellom anna innreia butikkar for Ricco Vero i Stavanger og Oslo. Og vi gjorde eit møbeltapetseringsprosjekt for restauranten Egon i Ålesund. Dei ville ikkje halde stengt, så vi måtte gjere alt klart, og skifte ut alle møblane i løpet av ei natt. Vi hadde 12 timar på oss. Det var hektisk, men morosamt!

Valde Nordfjord framfor Milano

Etter utanlandsopphald og studiar i Italia, Australia og USA valde produktdesignar Marta Myklebust (26) å busetje seg i Nordfjord.

– Eg ramla nærast tilfeldig innom Feel Free Prodction då eg skulle hjelpe foreldra mine med design av nytt kjøken. Sidan august har eg vore tilsett her i full stilling. Det er moro og lærerikt å jobbe i ei slik gründerverksemd med kort avstand frå kontor til produksjon. Her får ein gjere litt av alt. Klart det er nyttig for ein designar også å vere med i produksjonen.

Ho er bachelor i design – interiør og produkt – med to år på Norges Kreative Høyskole i Bergen og to år i Milano. Kundar på Hildenes Gartneri vil kanskje også kjenne henne att sidan ho har jobba der frå 15-årsalderen.

Marta er kjærast med Stryn-spelar Petter Hammer frå Hopland, noko som var medverkande til at ho flytta tilbake. Dei har leilegheit i Stryn. Som etternamnet tyder på vaks ho opp på garden Myklebust på Eid.

– Det er ei stor endring frå storbyen. Til sommaren er det to år sidan eg flytta heim. Eg angrar ikkje.

JOBBAR PÅ HØGGIR: Leidulf Nilsen (t.v.) og Biniam Drar er to av åtte som jobbar med produksjon av køysengene. Her med ei plate som skal kuttast til rett dimensjon. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
SKAPAR AKTIVITET: Kontrakta med SiB gjev gründerverksemda fotfeste i marknaden. Leidulf Nilsen og Biniam Drar i ferd med å kutte opp ei plate til ein flatpakke som skal til Bergen. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
LIMMASKIN: Sindre Nilsen og Janike Tvinnereim sender ei kryssfiner-plate gjennom limmaskina. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
FLOTTE OMGJEVNADER: Verksemda har vakker utsikt utover holmane i Europas djupaste innsjø. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
MULTIWORLD: Marta Myklebust viser fram konseptet som er den nye satsinga til Feel Free Production - veggmodular som kan flyttast rundt. Foto: Jørn-Arne Tomasgard