Per 1. januar var det totalt 6064 innbyggarar i Eid kommune, det er ei auke på 49 personar.

Ifølge framskrivinga til SSB vil dette talet berre auke dei kommande åra. I 2030 er det bereikna at det vil vere 6310 innbyggarar i Eid, og i 2040 6463 innbyggarar.

I desse berekningane er befolkningsveksten for ei felles kommune med Selje ikkje teke med.

Auke også i Selje kommune

Totalt er det 2791 innbyggarar i Selje per 1. januar. Det er ei auke på 17 personar sidan 1. januar 2016.

Høg levealder

Forventa levealder i fylket er for menn 80,3 år, og for kvinner 85,2 år.

Snart 5,3 millionar i Norge

Per 1. januar er folketalet i Norge på totalt 5 258 317 menneske. Talet på utanlandske statsborgarar voks med 21 000 i 2016 til 559 000 busette 1. januar.