Espeland er vald av styret i Helse Vest, medan Norevik og Westbye er valde av dei tilsette.

Aud Inger Espeland er busett i Flekke. Ho er dagleg leiar i Fjord Invest, eit investeringsselskap i Førde som investerer i vekstselskap på Vestlandet. Espeland er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskule. Hans Jakob Westbye er overlege ved avdeling for akuttmedisin i Helse Førde. Arthur Norevik er psykiatrisk sjukepleiar og klinikktillitsvald i sjukepleiarforbundet. Dei tre er valde for to år.

Agnes Landstad er no også formelt vald som styreleiar. Landstad har fungert sidan Jorunn Ringstad trekte seg frå styret av helsemessige årsaker i haust. Atle Hamar blir nestleiar i styret.

Det nye styret i Helse Førde tek til å fungere 1. mars. Etter endringane denne veka er det sett saman slik: Agnes Landstad (leiar), Atle Hamar (nestleiar), Helge Bryne, Aud Inger Espeland, Harry Mowatt, Liv Stave, Randi Aven, Wenche Kristin Røkenes, Hans Jacob Westbye og Arthur Norevik. Dei fire sistnemnde er tilsetterepresentantar. Det nye styret tek til å fungere 1. mars.

Dei som går ut av styret er Berit Hornnes, Geir Berge Øverland og altså Jorunn Ringstad.