Ei melding om røykvarslar som ulte var meldt inn til alarmsentralen. Folket som budde i huset var ikkje heime.

– Det var naboar som varsla om ein røykvarslar som ulte. Vi rykte ut med alt mannskap. Dette er ein røykvarslar som finst i dei fleste heimar. Vi får kalle det ein teknisk svikt, og er noko som skjer frå tid til annan. Vi rykker ut på vanleg måte som om det skulle vere ein brann, seier Are Fagerli.

Etter å ha undersøkt leilegheita som ligg i eit rekkehus, var konklusjonen at det ikkje var noko brann, men ein røykvarslar som ulte. Dermed kunne dei returnere og varsle familien som ikkje var heime, om at det ikkje var noko fare på ferde.

Kunne returnere utan å gjere noko. Falsk alarm. Ein røykvarslar sto og ulte, og naboar varsla alarmsentralen. Foto: Anita Ingebrigtsen