Malakoff Rockfestival kunne i dag kunngjere at det amerikanske bandet Converge kjem til sommarens festival.

Slik presenterer Malakoff sjølve bandet: «Varsku her! Det er klart for brutal konsertmagi frå dei hissige metalcore-pionerane Converge! Converge er eit av verdas mest anerkjende og beste i sin sjanger. Og sjangermessig er bandet ein spesiell raritet. Det er nemleg vanskeleg å skulle plassere Converge i éin bås. Det heile starta som eit thrash-inspirert hardcoreband, men har i løpet av karriera fått iblanda illsint punk og metal. Dei har nærmast laga sin heilt eigen sjanger, med deilig hardmusikk levert i form av ein skitten, hensynslaus og intens kraftdemonstrasjon.»

Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren.

Desse artistane er klare for Malakoff17:

Biffy Clyro (UK)

Karpe Diem

Alan Walker

Turbonegro

Converge (US)

Åge Aleksandersen & Sambandet

Frank Carter & the Rattlesnakes (UK)

Dubioza Kolektiv (BH)

Janove

Spidergawd

Dagny

Kjartan Lauritzen