Det seier Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, som meiner den blåblå regjeringa saman med Venstre held folk for narr.

–At Regjeringa og Venstre først kallar dette for ei demokratireform og so brukar tvang for å få den gjennomført syner at dette har vore ein skinnprosess heile tida.  Kommunane har brukt mykje tid og ressursar for å kome fram til vedtak som no ikkje er noko verdt.

Lokal folkevilje

Den blåblå regjeringa saman med Venstre gjer framlegg om å slå sama kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal til ein ny kommune i Sogn med tvang.

–Her blir den lokale folkeviljen overkøyrt av Venstre og regjeringa.  Å slå saman kommunar med tvang er lite framtidsretta og legg eit særdeles dårleg grunnlag for å bygge ein eventuell ny kommune, seier Reksnes.

På visse vilkår

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland var svært tydlege i sine vedtak om at samanslåing berre er aktuelt dersom det kjem vesentlege nye oppgåver til det regionale nivået.

–So langt har vi ikkje sett noko til nye oppgåver. Det heile er eit lurespel der både folk og politikarar vert haldne for narr.  No tvingar dei blåblå partia og Venstre fylka saman utan at vi har sett ei einaste ny oppgåve.  Vi veit at både Høgre og FrP helst vil kvitte seg med det regionale nivået – er det grunn til å tru at dei då vil styrke det med nye oppgåver?, spør Reksnes.

Omgjere

Reksnes viser vidare til at både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har sagt at kommunar som vert tvangssamanslegne kan søkje om å få dette omgjort dersom vi får ei ny Regjering til hausten.

–Det er val av nytt Storting i september.  Då kan vi sette saman eit nytt storting som vil stoppe opp den alvorlege sentraliseringa som vi ser føregår no og vi kan sette saman eit storting som i langt større grad vil høyre på den lokale folkeviljen.  Etter at den blåblå regjeringa og Venstre har drive systematisk nedbygging av distrikta dei siste åra må vi få på plass eit nytt stortingsfleirtal og vi treng etter kvart ei desentraliseringsreform, seier Reksnes understrekar at dess sterkare Senterpartiet vert etter valet dess betre gjennomslag får Senterpartiet for sin politikk.

–Senterpartiet er til å stole på i distriktspolitikken og vi skal arbeide for distrikta sine interesser kvar einaste dag.

Frivillig

Reksnes seier at Senterpartiet ikkje er prinsipielt i mot verken kommunesamanslåing eller fylkessamanslåing, men det skal bygge på friviljugheit frå dei det gjeld og det må vere oppgåver på plass først som gjer at det er hensiktsmessig å ha strukturdiskusjonar.

–Eit slikt resultat som det no ser ut til at eit knapt fleirtal har komme fram til i lukka forhandlingar, tek ikkje demokratiet eller framtidig samfunnsutvikling på alvor, avsluttar Sigurd Reksnes som er fylkesleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane.