Det sa Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, etter at ho og resten av fylkesstyret i partiet, som hadde møte på Nordfjordeid fredag og laurdag, hadde fått ei orientering om korleis tilsette i Nordfjord jordskifterett såg på framtidsutsiktene sine.

–Dersom den informasjonen vi har fått frå Eivind Helleland, dommar ved Jordskifteretten i Nordfjord, er korrekt, noko vi ikkje har grunn til å tru den ikkje er, så kjem eg til å stille spørsmål til den aktuelle satsråden om det er slik vi skal behandle statleg tilsette som har ei anna meining om ting enn, i dette tilfelle Domstoladministrasjonen.

Knekke tilsette

Informasjonen som fylkesstyret i Senterpartiet fekk frå Eivind Helleland, og andre tilsette ved Nordfjord jordskifterett, samsvarar med det Helleland har sagt til Fjordabladet, og som er grundig omtalt annan stad i dagens avis. Difor tek vi ikkje den oppatt her, men tek reaksjonane frå stortingsrepresentant Navarsete og andremedlemmer av fylkesstyret.

–Det Helleland fortel her i dag samsvarar med det vi har fått høyre frå statstilsette i andre etatar, som har hatt eit anna syn på saker enn det som er bestemt frå leiinga si side. Til dømes har vi høyrt liknande historier om svartelisting av tilsette i samband med nærpolitireforma. Vi kan ikkje ha det slik at statstilsette ikkje får lov til å ytre seg i saker som gjeld eigne arbeidsplassar. Dette er eit forsøk på å knekke tilsette, sa Steinar Ness til Fjordabladet etter møtet i jordskifteretten.

Ikkje avgjort

–Vi må kome til botnar i ei sak som dette. Difor kjem til å stille spørsmål til statsråden i Stortinget. Det spesielle med denne saka er at Stortinget for ei tid tilbake vedtok å sette ned eit utval som skulle sjå på dagens system for styring av domstolane. Det er problematisk om domstoladministrasjonen set i verk tiltak før utvalet er ferdig med sitt arbeid, og vidare at Stortinget ikkje har fått sagt sitt. Det seier seg sjølv at dette ikkje er i tråd med norsk forvaltning, seier Liv Signe Navarsete til Fjordabladet.

–Med atterhald om at alt er korrekt, så er mitt inntrykk at det er nokon som dreg politiske vedtak mykje lenger enn det det er grunnlag. Det er ikkje tvil om at etter valet, og regjeringsskiftet, må dette endrast, seier Navarsete.

Ingeniør Ørjan Haugland (t.v.) er snart pensjonist. – Utfordringa vår er at vi kanskje ikkje får erstatte folk som går av med pensjon, eller sluttar, sa Eivind Helleland då Senterpartiet besøkte Nordfjord jordskifterett fredag 17. februar. I midten overing. Olina Mardal. Foto: Tormod Flatebø
Steinar Ness, fylkesstyremedlem i Sogn og Fjordane Senterparti vart opprørt over det han fekk høyre frå Eivind Helleland. Til venstre Aleksander Øren Heen, også han medlem av partiet sitt fylkesstyre. Foto: Tormod Flatebø