Dei som var til stades for å orientere om planar for domstolane i Sogn og Fjordane var ifølgje innkallinga direktøren i Domstoladministrasjonen (DA), Sven Marius Urke,  jordskiftelagdommar i Gulating lagmannsrett  Vidar Bergtun, sorenskrivar i Sogn og Fjordane tingrettar, Terje Mowatt og jordskifterettleiar for Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett og Indre Sogn jordskifterett Vidar Otterstad.

I regionrådet var det sett av ein heil time til denne saka. På sakskartet står det svart på kvitt at saka handla om planane for jordskifteretten og tingretten i Sogn og Fjordane.

Provoserande

Dette møtet vart ikkje kjent for tilsette i Nordfjord jordskifterett før i ettertid, og domstolleiar Eivind Helleland finn det temmeleg provoserande at Nordfjord jordskifterett, som ein av dei to jordskiftedomstolane i fylket, ikkje var invitert og heller ikkje var informert. Helleland legg vekt på at det faktisk ikkje ligg føre vedtekne planar om framtidig domstolstruktur i fylket.

– Det er skremmande metodar som blir brukte. Dei vert brukt ein heil dag i møte med ordførarane i Sogn for å legge fram DA og deira trugne lakeiar sine personlege idear om korleis ting skal bli. Det er skuffande og skremmande at dei legg det fram som om det er omforeinte planar om å samle heile Sogn og Fjordane under ein leiar. Det eksisterer korkje semje eller vedtak om slike planar, fastslår domstolleiar Eivind Helleland.

Vart orientert om framtida

Ein av ordførarane har stadfesta overfor Fjordabladet at der var ei orientering om framtidig organisering av domstolane. Vedkomande fortel at det vart argumentert for å samle alt under ei felles leiing i Førde, men at ein hadde einingar i Eid og Sogndal underlagt Førde. Det kom ikkje fram av orienteringa at det var ulike syn på dette.

DA styrer økonomien

Eivind Helleland meiner det er problematisk at DA styrer økonomien direkte til den enkelte domstol, og han fryktar at det kan føre til at leiarar ikkje torer å stå opp mot DA sine sentraliseringsplanar og at ein del personar føler seg pressa og let seg bruke som sanningsvitne for DA-direktøren.

Helleland er sjølv ikkje redd for å stå for sine meiningar og let seg ikkje presse til tagnad.

–  Problemet er at DA har blitt ein politisk aktør. Dette er ikkje Stortinget sin politikk, men DA si fortolkning, poengterer Helleland.