Fjordabladet har den siste tida fått fleire telefonar med spørsmål om avisa har slutta å ta inn døds-annonser. Det kan vi trygt seie at avisa ikkje har. Alle meldingar som blir sendt oss, om det er gladmeldingar eller om det er meldingar om at nokon har mista sine kjære, blir tatt inn i avisa. Men når det ikkje er noko å melde, så er det ikkje noko å melde.

I samband med den store omlegginga som Fjordabladet har vore gjennom etter årsskiftet, har vi også lagt om annonseproduksjonen. I den samanheng byrja også vi å undre oss på om det var noko som hadde gått oss forbi, difor tok vi kontakt med kyrkjekontoret i Eid for å få svar på om det var slik at ingen hadde døydd i Eid etter årsskiftet. Gledeleg nok så kunne Marta Elvebakke og sokneprest Øystein Mathisen stadfesta at det ikkje hadde vore dødsfall i Eid i 2017.

–Det var fire gravferder i januar, men dei var for personar som døydde før årsskiftet, kunne Marta Elvebakke fortelje til Fjordabladet.

Vårt neste spørsmål var om dei tilsette ved Eid kyrkjekontor tidlegare har opplevd at det ikkje har vore dødsfall i Eid kommune i januar og, so langt, i februar, tidlegare år?

Marta Elvebakke undersøkte saka og kunne raskt konstatere at 32 personar døydde i 2013, tre av desse i løpet dei to første månadane av året.

–I 2014 døydde det 45 personar i kommunen, fire i januar og februar. I 2015 døydde 43 personar, 12 av dei i januar og februar. I 2016 var tilsvarande tal 58, og åtte i løpet av dei to første månadane, fortalde Marta Elvebakke og hadde sin eigen teori om at vêret kanskje kunne noko å seie. Ho hadde også ein teori om at mange har vore flinke til å ta vaksiner mot influensa.

–Vi veit at det har vore ein stygg influensa gåande i vinter, og eg trur at mange personar har vore flinke til å ta influensavaksine. Spesielt den eldre delen av befolkninga, sa Marta og var sjølvsagt veldig glad for dei gode tala so langt i 2017.