Partiet har lova at dersom dei kjem til makta, så vil dei ta omkamp på ein del lensmannskontor som er planlagt nedlagde. Han håper at Sp også vil ta omkamp når det gjeld jordskiftekontor.

–   Det einaste håpet er at Sp kan få med seg Ap på å stoppe raseringa og få reversert mest mogeleg av dei øydeleggingane som har gått føre seg under denne regjeringa, seier Helleland. Han har teke ei oppteljing og kome til at om lag 30 årsverk knytt til jordskifte kjem til å forsvinne frå bygdene, og kanskje det doble når det gjeld tingrettane.

– 100 arbeidsplassar fjerna

–   Den omlegginga som DA legg opp til, vil innebere at om lag 100 arbeidsplassar blir fjerna frå Bygde-Norge. I tillegg kjem sentraliseringa som følgje av politireforma. Det er ikkje lite som der blir sentralisert. Dette er ei sak som gjeld heile landet og der konsekvensane er at det berre er bynære strøk som behald dagens tilbod, og i resten av landet blir det dårlegare. Vi kjempar ikkje primært for vår sjuke mor, men for å behalde viktige arbeidsplassar i distrikta. Det er ingen byar som treng fleire offentlege arbeidsplassar for å klare seg, men dei er voldsomt nyttige for bygdene, seier leiaren for Nordfjord jordskifterett, Eivind Helleland. Han har lite tid overs for dagens regjering og støtteparti sin innsats for distriktsarbeidsplassar.

–   Det blir ganske latterleg å sjå på at regjeringa snakkar om å flytte nokre statlege arbeidsplassar til Førde. Det er snakk om fuglane på taket, i staden for dei ein har i handa. Dei har ikkje synleggjort noko stort engasjement når det gjeld å behalde lensmannskontor eller jordskifterettar i bygdene.

–  At Førde får fleire arbeidsplassar er bra for Førde, men gagnar ingen andre i Sogn og Fjordane. Dersom det er som gaukunge Førde skal utvikla seg , vil bygdene ikkje ha råd å fø han. Han vil skubba oss andre ut av reiret og ta maten frå oss. Det som er i ferd med å skje innan jordskifte er eit eksempel på dette, seier Eivind Helleland. Han karakteriserer Førde som uinteressant for andre enn dei sjølve.

–  Skal vi til ein by, så reiser vi til ein by, ikkje til Førde.