Det var i går at skiforbundet tok ut ein tropp på til saman 16 utøvarar til junior-VM i svenske Åre 6.-14. mars. Blant dei uttekne er altså Åge Solheim. 20-åringen frå Stårheim tok i helga sine første poeng i Europacupen i Tyskland, og har vunne fem FIS-renn denne sesongen.

Over 20 år sidan sist

Det er over 20 år sidan sist gong ein utøvar frå Sogn og Fjordane vart tatt ut til eit VM. Også den gongen var det ein Haugen-løpar som representerte fylket, nemleg Marianne Kjørstad. Det var i 1996 då Marianne Kjørstad deltok i VM i Sierra Nevada, Spania, der ho tok bronsemedalje i kombinasjonen.