Det er over 400 kulturbygg i Sogn og Fjordane. Mange ropar etter oppussing og modernisering, har trekkfulle vindauge og dårlege tak. Det kostar mykje pengar å oppgradere, og det krev stor dugnadsinnsats frå både eigarane og lokalsamfunna.

Viktige møteplassar

– Kulturbygga er viktige møteplassar og trivselsarenaer for alle generasjonar. Dei fleste bygga byrjar å dra på åra, og mange treng rehabilitering og ombygging. Universell tilrettelegging, samt ENØK-tiltak som utskifting av trekkfulle vindauge og gamle dører, isolering og nytt tak står høgt på ynskelista til mange bygg, seier Ingunn Nyheim.

Ho er prosjektleiar for Huset i Bygda, eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane Ungdomslag og har i mange år arbeidd for å styrke kulturbygga. Nyheim meiner eigarane av kulturbygga no må vere om seg og sikre seg midlar til å setje bygga i betre stand.

To søknadsordningar

Det finst nemleg moglegheiter – fylkeskommunen forvaltar ei statleg tilskotsordning med ein pott på ca. 1,5 millionar kroner, og Sparebankstiftinga har sett av 500 000 kroner til kulturbygg i år. Det betyr at det er to millionar kroner som skal fordelast på lokale kulturbygg i fylket i år.

– Den statlege tilskotsordninga gir tilskot til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering av kulturbygg. Lokale arenaer som til dømes grendahus, ungdomshus og forsamlingshus som inneheld kulturaktivitet  som dans, teater, musikk, kunstformidling, vert prioriterte, seier rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Guro Høyvik.

Bygningsmessige tiltak

Også Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kjenner til behova for midlar til kulturbygg. Kultursjef Pål Fidjestøl tok initiativ til eit tilskotsordning til bygningsmessige tiltak i 2016.

– Styret i Sparebankstiftinga står samla bak ei satsing på dei lokale kulturbygga og sette i fjor av ein pott på 500 000 kroner. Dette skapte stort engasjement. Vi fekk inn over 40 søknadar om til saman fem millionar kroner. Sju kulturbygg fekk til saman 500 000 kr til oppussing og modernisering. Ordninga var ein suksess, og vi vidarefører ho i 2017, fortel Fidjestøl.

Målet til Sparebankstiftinga er at bygningsmessige tiltak skal vere ein igangsetjar til spennande, allmennyttige prosjekt.

Oppmodar om å søkje

Fylkeskommunen, Sparebankstiftinga og Huset i Bygda vil auke aktiviteten og verdiskapinga i lokale kulturbygg. Difor har dei funne saman og vil arbeide for utvikling og engasjement rundt bygga.

– Vi er svært glade for denne felles satsinga på dei små kulturbygga. No må eigarane av kulturbygga vere om seg og søkje. At viktige aktørar som fylkeskommunen og Sparebankstiftinga ser verdien av bygga og aktiviteten som skjer der, er svært gledeleg. Nokon kan ha nytte av å søkje på begge ordningane, eller dei kan søkje berre Sparebankstiftinga sine midlar til bygningsmessige tiltak. Men bodskapen er klar: SØK!, oppmodar Nyheim i Huset i Bygda.

To søknadsfristar

Dei som ynskjer å søkje Sparebankstiftinga om midlar til bygningsmessige tiltak, må merke seg datoen 15. april som søknadsfrist. Det vert lagt ut meir informasjon og eit eige søknadsskjema på heimesida til stiftinga i midten av mars.

Søknadsfristen til den statlege ordninga som fylkeskommunen forvaltar, varierer frå kommune til kommune, då denne ordninga går innunder spelemiddelordninga.

– Desse søknadane skal først til kommunen. Søknadsfristane varierer, men dei  fleste kommunane har søknadsfrist i månadsskiftet februar–mars. Eg oppmodar dei som ynskjer å søkje om å snarast ta kontakt med kommunen sin eller meg for å få meir informasjon om korleis dei skal gå fram, seier Guro Høyvik i fylkeskommunen.

Samordnar søknadane

Dei tre aktørane vil samordne handsaminga av søknadane i dei to ordningane. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Ingunn Nyheim, som avsluttar med denne beskjeden til eigarar av lokale kulturbygg:

– Vi oppmodar flest mogleg om å nytte seg av denne sjansen og søkje midlar til utvikling av kulturbygg. Vi håpar på mange, gode søknadar, slik at vi får synleggjort det store behovet for midlar til opprusting, rehabilitering og utvikling av lokale kulturbygg, avsluttar ho.