– Det er Eid kommune som har ansvaret for desse seks nedste trea her, og vi held på med styving av desse. I samsvar med den tidlegare eigaren av desse trea, Severin Myklebust, gjer vi det same på desse trea som vi gjere på dei som står litt lengre opp i vegen. Han ville at trea skulle bevarast, og ikkje takast heilt vekk, forklarer Torbjørn Leivdal.

Til fare for folk

På grunn av at fleire av trea har greiner som har ramla ned, må kommunen opp for å undersøke. Dei store trea vil bli bevart innanfor trygge rammer.

– Det er ikkje alltid så lett å sjå kva greiner som er rotne, og må vekk. Difor må vi opp og sjå. Viss ei grein skulle ramle ned på folk som går på gangvegen, ville det vere heilt utilgiveleg. Difor styvar vi alle trea. På slike store tre er det litt vanskeleg å gjere alt heilt etter boka, men vi har erfaring i dette arbeidet, og har planar for korleis det skal gjerast. Spesielt på trea nede i sentrum har vi hatt kontakt med spesialutdanna folk i trepleie, seier Leivdal.

I drifts- og skjøtselsplanen står det bilde med forklaring av alle trea som Eid kommune har ansvar for.

Ser dramatisk ut

Ein tipsar Fjordabladet har vore i kontakt med seier han får vondt i magen, når han ser kor kraftig ein går til verks med desse store trea langs alleen. Avdelingsingeniør Dag Petter Leite ved teknisk drift seier det tryggaste er å kutte ned alle greinene.

– Desse trea er blitt veldig store, og har greier som er dårlege og lause. Dei står i fare for å ramle ned på både parkeringsplass, hustak, og gangvegen like ved. Difor har vi kutta dei ned, slik at berre stammane står att, i samsvar med avtalen med festeeigaren. I reguleringsplanane står det kva tre ein kan fjerne, og kva tre ein må søke om å fjerne. Det har litt med stammens diameter å gjere. Og så går det på kva avtalar det er med grunneigar. Kanskje dei ikkje skal fjernast heilt men styvast. Det vert avklart mellom heimelshavar og festar på kva som skal skje med trea og kva for vedlikehald som skal gjerast og kven som har ansvaret for det, forklarer Leite.

Også trea langs alleen i Malakoff har greiner som er dårlege, og som må fjernast ifølge Leite.

– Her er vi heile tida i dialog med Plassens venner på kva som skal gjerast, forklarer han.

Vil vekse ut: – Greinene som vert styva vil komme ut igjen allereie denne sommaren, lovar Torbjørn Leivdal i uteseksjonen hos Eid kommune. Foto: Anita Ingebrigtsen
STYVER: Det er Erhard Martin som sagar ned, medan Torbjørn Leivdal passar på at ingen oppheld seg i nærleiken når greinene dett ned. Amund Os i gravemaskinen. Foto: Anita Ingebrigtsen
STYVER TREA I ALLEEN: Eid kommune er i gang med å styve trea i alleen ovanfor Nordfjordeid skule. Treet i framkant er ei park lind, elles er det spisslønn og ask. – Vi styver med tre til fem års mellomrom, men dette treet har vi ikkje gjort noko med tidlegare. I går var det spisslønna som vart styva ned. Alt er gjort i samsvar med drifts- og skjøtselsplanen vi har, seier Torbjørn Leivdal. Foto: Anita Ingebrigtsen