Eid kommune har den 15. februar levert førebels rekneskap for 2016 til SSB. Rekneskapen syner eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på kr 10,4 millionar kroner.

Dette er noko Eid kommune (frå 2020 truleg Eid/Selje) vil trenge i åra framover, i følgje Eid-rådmann Åslaug Krogsæter:

– Det er svært gledeleg at Eid kommune kjem ut med eit overskot i 2016, seier rådmann Åslaug Krogsæter. Dette gjer det mogleg å styrke kommunen sitt disposisjonsfond. Vi ser at Eid kommune vil få store utfordringar med å balansere budsjettet dei komande åra. Det er då viktig at kommunen har eit solid disposisjonsfond til å justere for endringar som ein ikkje maktar å ta innafor den årlege drifta, uttalar ho i ei pressemelding.

Skatteinntekter og inntektsutjamning

Overskotet kjem hovudsakleg frå høgare skatteinntekter og inntektsutjamning enn føresett (kr 4,4 mill.), premieavvik og premiefond knytt til pensjonsordningar (kr 3,1 mill.), og samla mindreforbruk innafor tenesteytinga (kr 3,6 mill.). Kommunen har noko høgare finansutgifter i høve budsjett i 2016 (kr 0,5 mill.).

Dei samla utgiftene innafor tenesteytinga er kr 3,6 millionar kroner lågare enn budsjettert (kr 331,5 mill. i forbruk i rekneskapen mot kr 335,1 mill. i budsjettet). Det er eit meirforbruk innanfor helse og omsorg på kr 1,2 millionar, medan dei andre sektorar har eit samla mindreforbruk på kr 4,8 millionar (sentraladministrasjon, oppvekst/kultur og teknisk).

Rekneskapen er enno ikkje revidert, slik at tala som no er levert SSB er førebelse. Rekneskap og årsmelding for 2016 skal handsamast i kommunestyret i mai.