Statens vegvesen tilrår i utgreiinga om Kystvegen at strekninga Haukå–Svelgen i Bremanger bør vere første byggesteg på ein ny kystveg. Det er blant tilrådingane i utgreiinga Kystvegen gjennom Sogn og Fjordane, som i dag vert publisert på nettsidene til Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Utgreiinga skal danne grunnlaget for fylkeskommunen sitt arbeid med Regional transportplan 2018–2027. Målet er å vurdere moglege trasear for ein samanhengande kystveg gjennom Sogn og Fjordane, og korleis ein slik veg best mogleg kan binde saman kysten og skape utvikling.

Kryssing av ytre Nordfjorden

Statens vegvesen har vurdert bru over ytre del av Nordfjorden på tre stader.

– Ingen av desse bruene er optimale dersom ein skal legge ned både ferjesambandet Stårheim–Isane og Måløy–Oldeide. Frå nokre stader i Bremanger vil det uansett bli lengre reisetid enn i dag, seier prosjektleiar Silje Aaberge Aalbu i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Utgreiinga tilrår at ein bygger bru på det rimelegaste punktet, som ser ut til å vera Tongane–Biskjelneset og samstundes opprettheld ferjesambandet Stårheim-Isane. Denne traseen kan truleg også kombinerast med ei etappevis utbygging med ferjestrekning i første omgang.

Deretter koplar ein seg på rv. 15, følgjer den til Bryggja og vidare langs fv. 61 til fylkesgrensa med Møre og Romsdal.

Startar i Gulen

Utgreiinga tek føre seg strekninga frå Sløvåg i Gulen i sør til Naveosen i Vågsøy i nord.

– Vi har i arbeidet vårt teke utgangspunkt i føringane frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, tidlegare utgreiingar, analysar og dialog med kommunane langs kysten. I løpet av arbeidet har kommunane fått høve til å kome med innspel, seier prosjektleiar Silje Aaberge Aalbu i Statens vegvesen.

Funksjonalitet og måloppnåing

Dei ulike traseane har blitt vurderte ut frå to hovudmoment: funksjonalitet og måloppnåing.

– I utgreiinga er det laga eit overordna kostnadsoverslag, og trafikale verknadar er analyserte saman med verknadar for bustad- og arbeidsområde langs kysten, forklarer Aalbu.

Frå Sløvåg i Gulen kommune til Dale i Fjaler kommune tilrår vegvesenet ei oppgradering av eksisterande fv. 57, med strekningsvise forbetringar, mellom anna omleggingar der kurvaturen på vegen er for dårleg. Ferjestrekninga Rutledal–Rysjedalsvika er foreslått oppretthalden som i dag.

Frå Dale til Myklebustdalen

Når det gjeld linjeval vidare nordover, frå Dale til Myklebustdalen, og for kryssing av Nordfjorden, er ulike trasear vurderte og analyserte.

– Frå Dalsfjordbrua i Fjaler til rv. 5 i Flora tilrår vi bru over Ålesundet, der Førdefjorden er på sitt smalaste. Kryssing av Ålesundet er tilrådd i kombinasjon med ny vegtrasé både nord- og sørover. Denne traseen gir størst potensial for ein utvida bu- og arbeidsmarknad og størst trafikkauke, seier Aalbu.

To trasear

Frå rv. 5 i Flora til Myklebustdalen i Bremanger er det vurdert to trasear: ein via Grov og med opprusting av dagens veg og ein ny trasé frå Brandsøy via Grønenga og Terøya.

– Begge desse traseane kortar inn strekninga frå Myklebustdalen til Florø og løyser dagens problem med Magnhildskartunnelen. I analysen får den ytre traseen via Terøya meir lokaltrafikk og arbeidsreiser, medan den indre traseen får mest trafikk og kjem best ut for lange reiser/regional trafikk. Det er berre traseen via Grov som let seg bygge ut i etappar. Det er difor denne løysinga som vert tilrådd, seier Aalbu.

Rekkefølge for utbygging

Statens vegvesen har også sett opp eit forslag til rekkefølge for utbygging.

– Vi tilrår oppstart på strekninga Haukå–Svelgen først, fordi denne gjev best måloppnåing. Deretter kjem utbetring av flaskehalsar på strekninga Sløvåg–Dale, og særskilt Bøbrua i Hyllestad, seier Aalbu.

Dei samla kostnadane for den tilrådde kystvegtraseen kan bli mellom 20 og 25 milliardar kroner.

Prosessen vidare

Samstundes med at utgreiinga om Kystvegen vart gjort offentleg 20. februar, vart ho også og sendt ut til kystkommunane på ein høyringsrunde. Deretter skal framlegg til tilråding leggjast fram for planutvalet i fylkeskommunen for førebels konklusjon, som så skal innarbeidast i framlegget til Regional transportplan 2018–2027.

Høyringsmøte

Høyringsfrist på utgreiinga er sett til 31. mars. Fylkeskommunen inviterer blant andre kystkommunane til eit høyringsmøte om utgreiinga på Thon Hotel Jølster på Skei 8. mars.

Fylkesutvalet skal etter planen vedta å legge ut Regional transportplan 2018–2027 på høyring 20. juni. Då vil utgreiinga om Kystvegen vere ein del av transportplanen saman med fylkeskommunen sitt forslag til konklusjon