Det er det høgaste talet nokon sinne. Det no klart kor mange studentbustader dei ulike studentsamskipnadane får tilskot til å bygge.

–Tilgang på rimelige og tilgjengelege studentbustader er ein viktig føresetnad for at alle skal ha lik moglegheit til å ta høgare utdanning. Å bu godt og trygt under studietida har også betyding for studentens trivsel og evne til å gjennomføre. Det er behov for fleire studentbustader, så eg er glad for at vi kan gje tilskot til så mange nye studenthyblar, sier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa og samarbeidspartia gir i år tilsegn om tilskot til alle studentsamskipnader som har søkt om bustadtilskot.

–Saman med Venstre og Kristelig folkeparti, toppar vi vår rekordstore satsing på studentbustader med å gje lovnad om tilskot til 2500 nye studenthyblar i 2017- budsjettet, sier Røe Isaksen.

Fordeling av midler til studenthyblar per studentsamskipnad og campus:

StudentsamskipnadTilsagn om tilskuddtil antall hybelenheterSted, og antall HE per prosjekt ved deling
Studentsamskipnaden i Sørøst- Norge280Vestfold (160 enheter), Bø (120 HE)
Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus681Oslo (631 enheter), Lillestrøm (50 enheter)
Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim400Trondheim (275 enheter),Gjøvik (125 enheter)
Nord studentsamskipnad81Bodø (22 enheter), Mo i Rana (59 enheter)
Norges arktiske studentsamskipnad150Tromsø (150)
Studentsamskipnaden i Østfold180Fredrikstad
Studentsamskipnaden i Innlandet89Hamar
Studentsamskipnaden i Stavanger7Stavanger
Studentsamskipnaden på Vestlandet362Bergen (352 enheter), Førde (10 enheter).
Studentsamskipnaden i Volda120Volda
Studentsamskipnaden i Ås150Skogveien - fortetting
SUM2500
Tabellen viser den historiske utviklinga av gjevne tilsegn om tilskot til studentbustadbygging 2008-2017 Foto: Kjelde: Kunnskapsdepartementet