Denne veka vart det arrangert fylkesmeisterskap for yrkesfag ved Mo og Jølster vidaregåande skule. Deltakarane var 112 elevar frå ti ulike skular med yrkesfag som programfag.Eid vidaregåande skule hevda seg i toppen med fem av totalt sytten førsteplassar som blei delt ut. Berre Mo og Øyrane vidaregåande skule gjorde det betre, med åtte førsteplassar. Men dei hadde også 41 deltakarar, mot Eid som hadde 20. Mest imponerte elevane frå Vg 2 automasjon frå Eid. Det programfaget blei starta opp i haust, og allereie no sikra elevane seg både første- og andreplass i konkurransen.

Resultat for Eid vidaregåane skule:

Automasjon Vg2

1.Ole Kristian Vedvik/Ingar Hjelle, E.V.S., 6 deltakarar totalt, der 4 frå Eid.

2.Vegar Guddal/Synnøve Berstad, E.V.S.,

Sveising Vg2

1.Jonas Hamre, E.V.S., 5 deltakarar totalt, der ein frå Eid.

Design og Handverk Vg1

1.Marc Kenneth Sajorda Alvarez, E.V.S., 7 deltakrar totalt, der alle frå Eid.

Industriell møbelproduksjon Vg2

1.Tor Erik Halsteinslid, E.V.S., 3 deltakarar totalt, der alle frå Eid.

Elektriker Vg2

1.Aleksander Taraldset/Thomas Sundal, E.V.S., 8 deltakarar totalt, to frå Eid.

Resultat for skulane:

8 førsteplassar:

Mo og Øyrane vidaregåande skule (41 einskild-deltakarar)

5 førsteplassar:

Eid vidaregåande skule (20 einskild-deltakarar)

1 førsteplass:

Flora vidaregåande skule (13 einskild-deltakarar), Måløy vidaregåande skule (11 einskild-deltakarar)

Sogndal vidaregåande skule (10 einskild-deltakarar), Opplæringskontoret for transport (3 einskild-deltakarar).

Andre skular som var med:

Årdal vidaregåande skule (8 einskild-deltakarar), Høyanger vidaregåande skule (4 einskild-deltakarar), Stryn vidaregåande skule (2 einskild-deltakarar), Dale vidaregåande skule ( 1 deltakar).

På rett veg: Elisabeth Haugland og Øyvind Reinen er lærarar ved programfaget automasjon. -Resultatet frå konkurransen viser at vi gjer riktig arbeid her ved skulen, seier dei to. Foto: Inger Træen