Moderne langrennsløparar er blitt van med at løypene er på plass når sola stikk fram og utferdstrangen melder seg. I silkeglatte løyper vil vi pese rundt, og klagar gjerne når løypene ikkje er på topp. Men nokon må gjere arbeidet med å få desse velprerarerte løypene i stand, og det arbeidet er slett ikkje gratis. Arvid Hatledal i Turløyper Stryn er ein av dei som står på for at skigåarane skal ha flotte løyper. Han har det daglege ansvaret for preparering og vedlikehald av om lag tre mil med løypenett mellom Ullsheim og Stryn Vinterski. Og på ettervinteren også ein del fjell-løyper. Preparering vert utført ved behov, alt etter vêr og føreforhold. Vi har mykje vêr på Vestlandet, så det blir stort sett dagleg. No etterlyser løypesjef Hatledal større forståing for at flotte skiløyper ikkje kjem av seg sjølv, og at alle som brukar dei må vere med på å betale.

−Det må bli meir forståing for at det er store driftsutgifter, seier Hatledal. Gjennom sitt eige selskap Turløyper Stryn, driftar han løypenettet gjennom heile året.

−Vi arbeider for helse, oppleving og trivsel.  Om vinteren skal det preparerast, og  i sommarhalvåret er det mykje vedlikehald som skal til. Herunder kjem krattknusing, planering, drenering og utbedring av traséane. Store deler av løypenettet har eit toppdekke av grus/treflis, og er såleis fine tur- og sykkelstiar om sommaren, seier Hatledal som ikkje minst i år har registrert skigåarar frå store delar av Nordfjord og Søre Sunnmøre på grunn av ein snøfattig vinter mange stadar på Nordvestlandet. Når Ullsheim likevel stiller med snø, ønskjer Hatledal alle desse tilreisande velkomen. Men ønskjer at fleire skal vere med å betale.

Kostar årleg mellom 1,5 - 2 millionar

Turløyper Stryn  har mellom anna utgifter til nedbetaling av trakkemaskiner og utstyr, lønn til ca. 1,5 årsverk, drifting/vedlikehald av løypenettet både vinter og sommar.  Nypris på trakkemaskin er på rundt to millionar kroner, og den største maskina har ein pris på om lag fire millionar kroner. Inntektene kjem gjennom frivillig betaling av årskort, sponsormidlar og  tilskot frå Stryn kommune.  Å hente inn nødvendig kapital er kvart år ein krevjande prosess. Selskapet har leigeavtale med Markane Idrettslag, som betalar for preparering av laget sine løyper på Ullsheimanlegget.

Fleire må betale

I år er det kjøpt ca. 550 årskort, men Hatledal seier at dette er for lite i høve til alle dei som brukar løypene.  Han trur at dette berre rundt ein tredjedel av dei som nyttar løypene.

−Mange oppfattar det som gratis å skulle gå i nypreparerte løyper og bryr seg ikkje med å betale. Vi ser at folk kjøper skiutstyr for mange tusen kroner, men det kan sjå ut som det er vanskeleg å betale for å nytte seg av dei tilrettelagde løypene, seier Hatledal.  Det hadde vore fint om dei som har glede av god tilrettelegging, kunne betalt familieårskort på 950 kroner eller enkeltkort på 600 kroner.  Han understrekar at betaling for parkering går direkte til Markane IL.  Ein har diskutert om løypeavgift er eit alternativ for dei som kjem for å nytte løypene,  men dette er ikkje råd å gjennomføre etter norske lover.

−Dette har med allmannsretten å gjere, det skal vere lov å ferdast gratis i norsk natur. Og ingen har lov til å ta betaling for å gå i skiløyper, sjølv om det ligg mykje arbeid bak med å få dei preparert. Vi har jobba inn mot sentrale styresmakter for å få til ei ordning med direkte betaling på linje med alpintrekk, men dette let seg ikkje gjere. Det einaste vi kan gjere er å prøve å skape ei haldningsendring.

Pengane ikkje drivkraft

Arvid Hatledal har runda 60 år, og har over førti år bak seg i arbeidet med å leggje til rette for skigåing i Markane og Stryn. Drivkrafta har heile tida vore gleda ved å kunne tilby flotte skiturar i eit unikt skiterreng.

−Hadde eg gjort dette for å tene pengar så hadde eg vel slutta for lenge sidan. Drivkrafta er at flest mulig skal få gleda av den vakre naturen og meistre fysiske utfordringar med ski på beina. Når det no kjem fleire folk til skiområdet Ullsheim på grunn av ein snøfattig vinter i våre nærområde, så ønskjer eg dei alle velkommen. Eg tykkjer det er bra at så mange finn vegen, og at vi kan ha eit attraktivt skiområde her, det gledar meg stort . Men ei forståing for at det kostar å lage flotte skiløyper må kome på bana. Brukarane må betale, elles kan det vere eit tidsspørsmål før dette gode tilbodet fell vekk, seier Hatledal.

Løypesjef Arvid Hatledal brenn for at flest mulig skal få kome seg ut i naturen, og har skiløypene kring Ullsheim som sitt hjartebarn. Men store utgifter går ikkje i hop med inntektene, og no vil han at fleire skal betale for silkeløyper i flott natur. Foto: Privat