Dette er eit noko lægre tal enn gjennomsnittet dei fire siste åra. 2016 er då også fyrste året der inntektene har gått vesentleg ned, jf. det nye inntektssystemet. Sett i lys av det, må resultatet seiast å vere bra.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat vert nytta som ein indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune/kommune har. For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst 4 prosent (av samla driftsinntekter).

Netto driftsresultat 2016 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 214,9 millionar kroner, det vil seie 6,8 prosent. Tilsvarande tal i 2015 var 5,3 prosent.

Budsjettstyring

I budsjettstyringa skil vi mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslagsløyvingane er kjenneteikna av at dei er lite «styrbare». Det betyr at sluttresultatet på postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Ordinære løyvingar er styrbare løyvingar, der fylkeskommunen i stor grad skal ha kontroll på sluttresultatet.

For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; vi styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Dette gjev mindre innsparingar på ein god del postar. Dette er ein hovudforklaring på at vi kjem ut med ei netto innsparing på 7,6 millionar kroner på sektornivå i 2016.

Fellesinntekter- og utgifter

Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk vi i 2016 ei netto meirinntekt/innsparing her på 6,9 mill. kr.

Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene våre og utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2016. På desse to inntektspostane fekk vi ei meirinntekt på om lag 8,7 mill. kr (0,35 prosent). Skatteinntektene for fylkeskommunane har hatt ein sterk auke i 2016. Prognosane har auka frå +3,6 % i statsbudsjettet for 2016 til det endelege resultatet på +7,2 prosent. Vi har gjennom året auka skatteanslaget vårt to gonger med til saman 15 mill.kr. Endeleg resultat er ytterlegare 8 mill. kr betre.

På dei andre områda innan fellesinntekter og -utgifter er det berre mindre avvik som samla utgjer ei mindreinntekt på 1,7 mill.kr.

Sektornivået

Sektornivået i fylkeskommunen har ei netto ramme på vel 2,2 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 7,6 mill. kr har sektorane våre, sett under eitt, ei budsjettgjennomføring på om lag 99,6 prosent. Dette meiner fylkesrådmannen er svært bra.

Forvaltning

Forvaltning står for netto 3,8 mill. kr av denne innsparinga. Dei største postane her er eit mindreforbruk på 0,7 mill. kr på politisk styring/kontrollutval, 1,3 mill. kr på administrasjonen og 1,8 mill. kr på bygg og eigedomsforvaltning/administrasjonslokale.

Opplæring

Opplæring har eit samla mindreforbruk på 0,8 mill.kr i 2016. Dei største postane med mindreforbruk er vedlikehald og drift av skulebygg (2,2 mill. kr), kjøp av pedagogisk-psykologiske tenester frå kommunane (1,1 mill. kr) og tilpassa opplæring (1,9 mill. kr). Dei største postane med meirforbruk er opplæring i bedrift (7,1 mill. kr) og fagprøvar (1,0 mill. kr).

Dei vidaregåande skulane og fagskulen har ei samla innsparing på ordinær drift på om lag 5,5 mill. kr i høve budsjett 2016. Skulane har resultatoverføring (til 2017). Innsparinga påverkar såleis ikkje det samla rekneskapsresultatet.

Tannhelse

Tannhelse har ei innsparing på 2,6 mill. kr. Også denne sektoren har resultatoverføring (til 2017), og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat.

Næring og kultur

Næring og kultur har samla eit netto mindreforbruk på 1 mill.kr. Av dette ligg 0,8 mill. kr innan kultur.

Samferdsle

Samferdsle har eit samla netto mindreforbruk på 1,8 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak ( 0,6 mill. kr) og båtruter ( 6,9 mill. kr). Dei største postane med meirforbruk er bilruter (1,5 mill. kr) og fylkesvegferjer (2,9 mill. kr).

Fylkesveg–drift og vedlikehald har ei innsparing på 9,5 mill. kr som vert overført til 2017 (resultatoverføring). Dette påverkar ikkje rekneskapsresultatet.