Eid vgs har det største tilbodet innan elektro i fylket, og har i alt 73 elevar på Vg1 – 3. På Vg2 tilbyr skulen dei tre programområda Data og elektronikk, Automatisering og Elenergi. Tredje året kan elevane velje mellom Dataelektronikarfaget og det nye tilbodet Automatisering. Det er god søknad, og til dels kraftig oversøknad til elektrofaget.

Etter to eller tre år kan elevane gå ut i lære for å skaffe seg fagbrev. I begge tilfelle får dei fagbrev etter totalt fire år. Elevane kan dessutan ta påbygging etter Vg2, og skaffe seg inngangsbillett til høgskular og universitet.

Elektrofag gjev mange valmuligheiter for eit stort mangfald av jobbar. I vårt moderne og teknologiavhengig samfunn, vil det alltid vere behov for elektrofolk i til dømes straumforsyning til bustader og industri, luftfart, skipsfart, tog, helseinstitusjonar og ei rad tenestenæringar. Til utdanning og yrkesliv innan elektro krevst det nøyaktigheit og systematikk. I tillegg godt handlag og praktisk sans. Å vere serviceinnstilt og kreativ er og nødvendige eigenskapar. Skulen har ein av dei flottaste verkstadfløyane i landet. Elevane på Elektro vert og del av eit stort fagmiljø, ettersom skulen har fleire andre yrkesfag: Teknikk og industriell produksjon, Design og handverk og industriell møbelproduksjon.

Nordfjordeid har eit blomstrande og mangesidig næringsliv innan elektro, og der er eit godt etablert nettverk mellom skulen og det lokale næringslivet. Noko som gjev relevante praksisplassar, og interessante jobbar etter ferdig utdanning. Elevane sin kompetanse vert og nytta ved ymse tilskipingar i Operahuset Nordfjord. I mange år har elevane på Elenergi sett opp og drifta heile lysanlegget på scena. Dette er noko elevane ser fram til, og gjennomfører med stor lyst.

Utdanningsleiar Ove Lillestøl opplyser at eit av dei store prosjekta på Elektro i år, er eit lakse-tellingsprosjekt i elva. Ved å setje ut kamera i vasstette boksar, laga av elevane på Teknisk og industriell produksjon, reknar dei med ikkje berre å telje fisk som passerer, men og kva retning fisken går, om det er vill eller tam laks, og til og med sjå storkeiken på laksen. Infraraudt lys gjer det og mulig å telje i mørket.

Det som elevane nemner som grunnar til at dei har valt Elektro, er ei fruktbar veksling mellom teori og praktiske oppgåver. Ein av elevane gjekk Studiespesialisering førre skuleåret, og fann det altfor teoritungt. –Elektro passar meg derimot midt i blinken, meiner ho.

Elevane på Vg3, dataelektronikarfaget, held akkurat no på med førebuingar til ein jobb i Kultursalen. Jobben dei skal gjere er å leggje teleslyngje i salen. Det er ein ganske stor job som dei ser fram til. Artig og realistisk med tanke på jobb i framtida i arbeidslivet, seier dei. Ungdomsskulen er og ein viktig samarbeidspartnar. I nær framtid skal elevar frå Elektro hospitere der og lære elevane koding/programmering. Slik kan ein gjere nyttig bruk av elektro- elevane, og gjerne rekruttere nye elevar frå hausten av.

Skulen har ein ambisjon om å vere topp dagsaktuelle i undervisning og utstyr. På områda data og elektronikk der utviklinga går svært fort, kan det vere ei stor utfordring. Faglærar Oddgeir Bakke meiner at skulen taklar det godt. Akkurat no underviser han om serversystem. Server 2016 er eit heilt nytt system som det er heilt nødvendig å kunne for elevane når dei etter kvart skal ut i bedriftene.

BRANNSENTRAL: Her jobbar f.v. Alexa, Mari, Celin Mjeltebakk og Madeleine Gjengedal med ein brannsentral. – Automasjon er det kjekkaste faget, meiner dei. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TOPP MODERNE: Arne Kristian Taklo (f.v.) skal bli energimontør, og Adrian Hagen Henden skal bli elektrikar. Begge går på Vg2 og viser her eit topp moderne sikringsskap. Foto: Per Ole Lefdalsnes
LIKAR PRAKSIS: F.v. Alexa Valentina og Mari Kvalheim går på Vg1tykkjer det er topp å kombinere teori og praksiss. Her studerer dei eit automasjonsanlegg. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TELESLYNGE: Johannes Håberg og Ingrid Marita Espelund ser fram til jobben med å montere teleslynge i Kultursalen. Utstyret til jobben har dei klart. Foto: Per Ole Lefdalsnes
MIKROPROSESSOR: Mathias Hagen (f.v) og Ulrik Auflem Eikås jobbar med ein mikroprosessor av typen som mellom anna blir brukt i trafikklys. Foto: Per Ole Lefdalsnes