Byggeleiar Øystein Heimsæter, kontrollingeniør Pål Anders Rindal og prosjektleiar Oddvar Skrede i Statens vegvesen følgjer opp arbeidet med Nor bru – Hjelle. Dei fortel at arbeidet starta opp med å legge til rette for veglys langs den etablerte gangvegen frå Hjellekrysset og opp til ungdomshuset. Det vart grave ned fundament og lagt kablar, slik at det er klart til å setje opp stolpar. Sidan har ein jobba seg suksessivt oppover til Fossebakken, i hovudsak med gang- og sykkelveg på nordsida av riksvegen, men det er også gjort eit omfattande arbeid med ny samleveg på baksida av gamle Mogrenda og tilrettelegging for køyring rundt Sølvbergbygget for skulebussane.

1,5 kilometer gangareal

Prosjektet Hjelle–Nor bru omfattar om lag 1,5 kilometer med tre meter breitt gangareal inkludert gangbru over Eidselva på Nor pluss breiddeutviding av E39/Rv 15 og oppstramming av krysset E39/Rv15 Fv. 663. Riksvegen frå aust mot Nor bru får endra dosering. Sjølve krysset mot fylkesvegen på Fossebakken er utbetra tidlegare med armar ut mot Mogrenda og mot Nor bru.

Gul stripe

E39/Rv. 15 skal utvidast med ein meter, frå 6,5 til 7,5 meters breidde, skulder medrekna. I tillegg skal det skiftast ut telefarleg masse. Til saman skal det byggast fem busslommer på strekninga, inkludert ei ekstra lang med plass til to bussar ved Hjelle skule.

Når arbeidet med gangveg og riksveg er ferdig, blir det samanhengande 60-sone på strekninga.

Mykje erstatningsveg

I arbeidet med prosjektet Hjelle–Nor bru har ein sanert ei rekkje avkøyrslar på begge sider av riksvegen i Mogrenda og samla desse. Det inneber at det har blitt relativt mykje erstatningsveg, som ved ferdigstilling blir overlevert som kommunal veg. Det er god grunn der arbeidet går føre seg, det har ikkje vore naudsynt med skyting og det har vore lite behov for murarbeid.

100 millionar i vegmidlar

Prosjektet Hjelle–Nor bru er eit samarbeid først og fremst mellom Statens vegvesen og Eid kommune, men der det også andre som SFE og Telenor er inne med sine rør og kablar. I «underetasjen» under gangvegen ligg det store vassrøyr som skal frakte drikkevatn frå Hornindalsvatnet til Eid sentrum, Eidsdalen, Mogrenda og omland. Der ligg også avløpsrøyr.

I ein etasjen over ligg det diverse kablar under pukk, grus og asfalt på gangvegen. På det djupaste er grøftene fire meter for å få fall nok. Også ein del luftspenn har kome ned i jorda.

Statens vegvesen har fått løyvingar på i overkant av 100 millionar kroner for å finansiere sin del av prosjektet.

Trafikk på gangvegen

Ein del av gangvegen er allereie asfaltert, og denne skal nyttast som trafikkveg i samband med utbetringa av riksvegen som skal gå føre seg frå Fossebakken og nedover mot Hjelle. Dei gåande skal då nytte ein grusa sti på nordsida av anleggsgjerdet.

Det vil bli trafikkregulering med lys også i store delar av den tida som står att. Riksvegen vil ikkje bli stengt, men bilistane vil merke det endå meir når ein tek til på arbeidet med vegen. Dei som skal bevege seg gjennom området må såleis belage seg på betydeleg plunder og heft i tida fram til 1. desember. Men då blir det veldig bra med brei veg og samanhengande gang- og sykkelveg frå Nor bru til Skårhaug.

Usikkerheit om gangvegbru

Ifølgje byggeleiinga i Statens vegvesen ligg ein litt etter planan når det gjeld framdrift, men dei tek sikte på at prosjektet skal vere ferdig til 1.desember som er hovudentreprenør Aurvoll & Furesund sin frist. Det som eventuelt kan dra litt lenger ut, er arbeidet i samband med Nor bru, der det er restriksjonar på når ein har lov til å jobbe i elveløpet. Det er enno ikkje heilt avklart når arbeidet med å bygge ein anleggsveg ut i elva kan startast opp.  Det har også vore litt att og fram før Eid kommune fekk endeleg godkjenning av reguleringsplanen, som no har fått ei løysing der gangbrua ikkje ligg parallelt med vegen, men skrår mot vest i sørlege del.  Det har også vore stilt spørsmål frå Hornindal kommune si side om tiltaket er flaumskapande, noko vegvesenet sine folk avkreftar sidan lysopninga på gangvegbrua blir  større enn på den eksisterande brua.

Omfattande støyskjerming

Ved sidan av hovudprosjektet har det også vore gjennomført eit sideprosjekt som handla om støyskjerming. Ei rekkje bebuarar langs vegen har fått tilbod om skjerma uteplass eller liknande. Nokre har fått skifta vindauge eller sett inn støysvake ventilar, og det er etterisolert ein del veggar. Det er Stårheim Bygg AS som har gjennomført tiltak i 23 hus. Denne kontrakta var på om lag 4,1 millionar kroner inkl. mva. Det skal også byggast støyskjerming langs skulen sitt uteområde som ligg ned mot riksvegen.

Godt samarbeid med skulen

Det er alltid utfordringar knytt til korleis ein skal leie trafikken under anleggsarbeid, ikkje minst når ein held til like ved ein skule med relativt mykje gangtrafikk. Vegvesenet sine folk fortel at dei har hatt godt samarbeid med Hjelle skule. Elevane har mellom anna fått refleksvestar og opplæring i å lese skilt. Dei har også fått lære at for å ferdast trygt må ein av og til gå litt lenger for å vere utanfor anleggsområdet. Ei generell utfordring er at både store og små aller helst vil ta den kortaste vegen, i staden for den lengre, men tryggare traseen..

NY BUSSLOMME: Trafikktryggleiken ved Hjelle skule har blitt godt ivareteke med rundkøyring for bussar og ny, ekstra lang busslomme. Foto: Anna Wuttudal
RØR OG KABLAR: Under gangvegen ligg det store rør og kablar som Statens vegvesen, Eid kommune, Telenor og SFE skal bruke.
UTFORDRINGAR: Det er alltid utfordringar knytt til korleis ein skal leie trafikken under anleggsarbeid, ikkje minst når ein held til like ved ein skule med relativt mykje gangtrafikk.
STØYSKJERMING: Mange av huseigarane har fått støyskjema uteplass.
BREI KURÅS: Kuråsa bak «Moskva» er no blitt ein brei og opplyst køyreveg.
DJUPE GRØFTER: Grøftene er inntil fire meter djupe.
BREI VEG: Gangvegen er tre meter brei, og mykje av strekninga er allereie asfaltert.
LAKSEELV: Det skal byggast gangbru over elva på Nor, men det er restriksjonar når det gjeld når ein kan gjere delar av arbeidet.
Også stopar blir skifta og ein del luftspenn har kome ned i jorda.