– Vi er utruleg stolte og glade over å ynskje den unge superstjerna frå Bergen Alan Walker velkomen til Malakoff17, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Berre eit knapt år tilbake var DJ’en og produsenten frå Bergen ein ukjend kar for dei aller fleste, men i dag er stoda ganske så annleis. Med debutsingelen Faded skaut karriera fart mot den internasjonale stjernehimmelen og eit verdsfenomen vart til. Alan Walker er i dag ein heilt uverkeleg stor nettmagnet, og med enorme sjåar- og følgjartal på YouTube står Faded på øvste pall, med sine vanvittige 900 millionar syningar. Til no har meir enn 9 millionar einingar av singelen blitt selt globalt, og låta har passert meir enn 1,3 milliardar avspelingar online.

Artistane som er klare

– Årets lineup vil begeistre utruleg mange med ulik musikkpreferanse og alder. Vi kan love ein tydeleg rockeprofil i tillegg til eit program krydra med nye og gamle kvalitetsartistar fordelt på mange ulike musikksjangrar, seier festivalsjefen.

Dei som er klare for sommarens festival er:

Biffy Clyro (UK)

Karpe Diem

Alan Walker

Turbonegro

Åge Aleksandersen & Sambandet

Frank Carter & the Rattlesnakes (UK)

Dubioza Kolektiv (BH)

Janove

Spidergawd

Dagny og Kjartan Lauritzen

Malakoff Rockfestival vert arrangert på Nordfjordeid 20.- 22. juli. Årets festival vert den fyrste som går over tre dagar. Malakoff har dei siste fire åra vore utseld med 12.000 publikummarar kvar dag. Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren, melder festivalleiinga.