Nordfjordrådet meiner ei avklaring om vegsamband aust-vest må kome snarast, og ikkje dra lenger ut i tid. I ein uttale frå rådet heiter det at eit trygt og sikkert vegsamband mellom aust og vest må ta sikte på å sikre dette for heile Vestlandet. Nordfjordrådet er uroa dersom det no vert valt ei løysing som ikkje også omfamnar store delar av Nordvestlandet.

Regionrådet peikar spesielt på to forhold som dei meiner er særs viktige for regionen:

- Medan rv 7 kan vere ei løysing for Bergen åleine, er det berre utbygging av rv 52 og E134 med «arm til Bergen» som løyser aust-vest-behova for heile Vestlandet. Saman med E39 vil denne løysinga gje nye utviklingsmogelegheiter for heile området mellom Stavanger og Ålesund - det viktigaste verdiskapingsområdet i landet. Rv 52 over Hemsedal med vidareføring til Bergen og Ålesund, vil gje Nordvestlandet langt større nærleik til sentrale deler av landet og til viktige eksportmarknader.

Sambandet vil knyte kystnæringane til innlandet, samstundes som det effektivt koplar den indre delen av Sogn mot Bergen.