I går blei NM brass 2017 gjennomført i Grieghallen i Bergen. Totalt var det med 79 korps fordelt på fem ulike divisjonar. Kjølsdalen musikklag stilte i 4. divisjon og kom inn på ein 6. plass i konkurranse med 15 andre korps. Det lokale musikklaget frå Kjølsdalen fekk 87 poeng, seks poeng bak vinnaren i divisjonen, Nes Musikkforening, som fekk 93 poeng.

Jølster Musikklag

Best resultat frå Sogn og Fjordane fekk Jølster Musikklag. Dei spelte seg inn til ein 4. plass i 2. divisjon. Eit anna korps med deltakarar frå Nordfjord var Flora-Bremanger Brassband, som kom på 13. plass i 3. divisjon.

Sole Sundal til topps

Eikanger-Bjørsvik Musikklag vart også i år det beste korpset av alle. Dei vann elitedivisjonen med 96 poeng. Jon Vegar Sole Sundal frå Kjølsdalen spelar kornett i Eikanger-Bjørsvik.

Resultat, vinnarar og lokale deltakarar:

Elitedivisjon:

1. Eikanger-Bjørsvik Musikklag              96 poeng

(10 korps deltok)

1. divisjon:

1. Tertnes Brass                                   95 poeng

(12 korps deltok)

2. divisjon:

1. Radøy Brass                                    97 poeng

4. Jølster Musikklag                              93 poeng

(13 korps deltok)

3. divisjon:

1. Sørum Musikklag                             97 poeng

13. Flora-Bremanger Brassband          87 poeng

(15 korps deltok)

4. divisjon:

1. Nes Musikkforening                         93 poeng

3. Florø Hornmusikk                           91 poeng

6. Kjølsdalen Musikklag                       87 poeng

(15 korps deltok)

5. divisjon:

1. KOS-Krohnengen Old Stars            96 poeng

(14 korps deltok)