Det var i april i fjor at Toralv Maurstad fekk hjerneslag i samband med ein fisketur i båt på Bryggja i Nordfjord. Sidan den gong har han vore under opptrening og har gjort store framskritt. No er helsa blitt så bra at han satsar som skodespelar igjen.

Gjester frå Eid

Før jul blei skodespelaren og nordfjordingen 90 år. Det blei feira med ein stor fest på Nationaltheateret i slutten av november, der mellom anna Kongen og Dronninga var til stades. Mellom gjestane var også nokre frå Eid kommune. Toralv har to gonger vore med på produksjonen til Opera Nordfjord. Ein gong som skodespelar og ein gong som regissør. Han var også med som skodespelar då teaterstykket Til Seters blei sett opp i Operahuset Nordfjord i 2010, der kona Beate Eriksen var regissør.

21 framsyningar

Stykket som Toralv skal vere med i no heiter Overføring. Det handlar om seks pensjonerte psykoterapeutar og deira tilbakeblikk på livet. Manus er laga etter eit forskingsarbeid av forskar og psykolog Marit Råber. Ho intervjua tretten psykoterapeutar for å finne ut korleis dei ser på sin eigen innsats i eit tilbakeblikk. Var det verd innsatsen? Blei verda ein betre stad å leve?

Det er dette materialet som blir teken til scena ved hjelp av seks erfarne skodespelarar som skal vere desse seks psykologane som ser tilbake på livet sitt. Og ein av dei mest erfarne der blir vel då Toralv Maurstad. Stykket skal ha premiere på Det Norske Teatert 22. februar. Og så blir det 21 framsyningar fram til og med 6. juni.