–Eg og kona har kjøpt oss leiligheit i indre Arna, ti minutt med toget til Bergen sentrum. Vi har nyleg fått selt huset på Bryggja, og vi flyttar med det første, seier kunstnaren og sjømannen Oddbjørn Kvalheim som etter sytten år i Nordfjord no er klar for nye utfordringar. Og at han har bikka 72 år stoppar han ikkje.

–No ser vi framover. Eg vil gå meir på teater og leve det urbane livet i Bergen. Og så er det mykje lettare når ein skal reise til Syden til dømes. Vi har ein slik langferie ein gong i året, og fleire gongar har det vore trøbbel på Anda, med fly og bussar som ikkje har gått. Frå Bergen blir dette langt lettare, seier Kvalheim som likevel ikkje har tenkt å leggje målarpenselen på hylla. I går opna han avskjedsutstilling i Bakerie på Bryggja. Og i Bergen vil han halde fram med kunsten.

Framleis kunstnar

–I Bergen er eg på jakt etter eit lokale der eg kan ha mitt atelier. Kanskje blir det sentralt i nærleiken av Bryggen og Fisketorget. Der skal eg måle om dagen og så blir det eit roleg og lettvindt liv i splittert nytt husvêre i Indre Arna. Ikkje meir plen som skal stellast eller hus som skal målast, berre gode dagar framover, seier Kvalheim som likevel ikkje vil kutte sambandet til Nordfjord heilt.

–Nordfjord vil alltid vere heime og om sommaren vil eg nok tilbringe ein god del tid er. Du må hugse på at eg held på med kveitefangst og vi har fått nokre flotte eksemplar på line, seier 72-åringen som vaks opp på Bryggja og Kvalheim.

Sjøen i blodet

Oddbjørn Kvalheim var berre seksten år då han reiste til sjøs første gongen. Der hamna han i byssa for å lage mat. Etterkvart tok han med seg kokkeyrket på land, samstundes som han mest heile livet har hatt teikning og måling som hobby. Der sjøen blei med han også i det kunstnarlege uttrykket. Mest alle måleria hans er prega av havet, kystkulturen og båtar. For dei fleste er Kvalheim mest kjend som ferjemålaren. I løpet av nokre år fekk han oppdrag å dekorere fleire av ferjene til Fjord1 i Sogn og Fjordane.

Fem samband

I dag kan ein oppleve kunsten til Kvalheim på heile fem ferjesamband i fylket. Det er Lote-Anda, Manhellar-Fodnes, Lavik-Oppedal og Måløy-Oldeide. Rundt 200 måleri har han laga for desse ferjene, der mange av dei er frå historiske fotografi. Men han har også dekorert for andre rederi og firma. Til dømes Grand Hotell på Gjøvik og andre hotell på Austlandet.

Vaks opp ved havet

Oddbjørn Kvalheim var berre nokre frå månader då han måtte flykte frå Sørøya nær Hammerfest på grunn av krigen. Etter kvart kom han til Kvalheim og Bryggja der han vaks opp. Stuertskulen gjennomførte han i Bergen, og etterkvart vart det mange år på Austlandet. Men sjøen og havet lokka han igjen til Vestlandet og Nordfjord.

–Vi har hatt fine år her på Bryggja, og det er kjekt å ha rask tilgang til sjøen. Men eg har styrt med huset og kona har hatt ansvaret for hagen i mange år. Vi ser fram imot ein lettare kvardag, samstundes som vi ønskjer fleire urbane tilbod, seier Kvalheim.

Trekkjer folk

Turid og Agnar Fagerlid driv Bakerie på Bryggja. Det er kombinert bakeri/konditori og pub på kveldstid. Dei seier at kunstutstilling på veggane trekkjer endå fleire folk.

–Det er mange som kjem innom for å sjå på kunsten. Og nokre har allereie kjøpt nokre bilde, seier Agnar Fagerlid.

Mange var møtt opp på Bakerie på Bryggja i går kveld. For å sjå på kunsten, ta seg ein matbit og slå av ein prat. Foto: Inger Træen