Dette opplyser politiet på Eid, etter at ein familie på fem blei huslause torsdag i førre veke. Brannen starta på vaskerommet som er i hovudetasjen, og spreidde seg raskt over heile huset.

Brannen vart meldt til politiet klokka 14;48, og at brannmannskapa var rakst på plass. Politiet opplyser vidare at ein hadde full kontroll over brannen klokka 16;57. Etter det var det ettersløkking utover kvelden og natta.

Årsaka til brannen er høgst truleg er elektrisk feil, men kva elektrisk feil treng ein litt meir tid på å finne ut av, opplyser politiet.

I huset budde ein familie på fem, og tre studentar i kjellaren. Dei åtte har fått hjelp av Eid kommune med husvêre inntil vidare.