I klasse kvinner 19 år var det to deltakarar. Her gjekk Elise Skeide Bakke, Eid IL, til topps. Ho vann løpet tre minutt og elleve sekund føre Ingrid Gausemel, Hornindal.

Ingrid Myrold, Stårheim IL, var einaste deltakar i klasse jenter 16 år. Dermed fekk ho også KM-gullet, etter å ha fullført løpet på 20 minutt og 34 sekund, inkludert tilleggstid.

Fleire pallplassar

Lasse Flo Bødal, Stårheim IL, vart nr. 2 av dei tre deltakarane i klasse gutar 15 år. Det var Oskar Guddal Breivik, Markane IL, som vann løpet på tida 20.53. Flo Bødal var 48 sekund bak vinnaren i mål. På tredjeplass i denne klassen kom Ask Haughovd, Stårheim IL, på tida 23.46.

Det var tre deltakarar i klasse jenter 15 år, og vinnaren i klassen vart Gunn Kirsti Tvinnereim, Hardbagg IL, på tida 18.25. På andreplass kom Ingrid Heggen, Stårheim IL, 15 sekund bak vinnaren, medan Oselie Henden, Eid IL, kom på tredjeplass på tida 20.04.

Gull til Mundal

Kasper Mundal, Stårheim IL, tok KM-gullet i klasse gutar 14 år. I denne klassen var det åtte deltakarar. Mundal hadde løpstida 12.12, og med eitt tilleggsminutt vart totaltida 13 minutt og 12 sekund. Dette heldt til ein suveren siger, knappe to minutt føre Magnus Skeide Bakke, Eid IL. Skeide Bakke hadde faktisk fire sekund betre løpstid enn vinnaren, men med tre tilleggsminutt fekk han totaltida 15.08. I denne klassen deltok også Patrick Isene, Stårheim IL, som gjekk seg inn til ein 4. plass på tida 15.32, berre åtte sekund bak bronsevinnar Hallvard Woldsund, Volda IL.

I 14-årsklassen for jenter var Lotte van Oorschot, Stårheim IL, einaste lokale deltakar. Ho gjekk inn til ein 5. plass blant dei seks deltakarane i klassen, der alle pallplassane vart tekne av Markane-løparar.

Sekundstrid

Det var åtte deltakarar i klasse jenter 12 år, og det vart tøff kamp om gullet. Både Frøya Haughovd, Stårheim IL, og Mari Sofi Meland, Markane IL, skaut nemleg feilfritt. Dermed var det farten i sporet og på standplass som avgjorde, og her trakk Frøya Haughovd det lengste strået. Ho vann KM-gullet på tida 10.39, ni sekund føre Meland.

I klasse gutar 13 år var det to deltakarar, Trygve Myrold frå Stårheim IL og Emilian Henden frå Eid IL. Myrold tok KM-gullet med tida 14.53, medan Henden tok andreplassen med tida 17.16.

Det var også to deltakarar i jenteklassen blant 13-åringane. Her vann Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL, med tida 14.12 føre Linnea Melheim Espe, Stårheim IL, som følgte drygt fire minutt bak.

Esekiel var raskast

I klasse jenter 11 år var det fem deltakarar, og dei tre på pallen var alle frå Markane IL. På fjerdeplass kom Frida Mundal, Stårheim IL. I den same årsklassen for gutar gjekk Esekiel Henden, Eid IL, heilt til topps. Trass i eitt meir tilleggsminutt enn andremann, vann han løpet med 53 sekunds margin til Jonas Rand Hopland, Hardbagg IL.

I klassane som ikkje vert rangerte deltok desse lokale løparane: Magnus Ytre-Hauge Ivesdal, Stårheim IL, Mia Melheim Espe, Stårheim IL, Sigbjørn Ytre-Hauge Ivesdal, Stårheim IL, Ronja Haughovd,  Stårheim IL og Konstanse Henden, Eid IL.