I år er det den nordnorske stjernekometen Dagny som skal få æra av å opne det heile. Ho leverer popsongar med eit pop/rock-sound som appellerer til alle - også ein hardbarka Malakoffrockar.

Kongane av dampande sveitt dongeri og rett-i-trynet-punkrock, Turbonegro, headlinar den aller fyrste torsdagskvelden ute i Malakoffamfiet. Ein konsert med eit av Noregs tøffaste rockeacts på Malakoff vert alltid god stemning.

Tidlegare på kvelden får ein oppleve fyrverkeriet frå Bosnia-Hercegovina, Dubioza kolektiv. Dei spelar ei deilig blanding av rock, reggae, hiphop, punk og balkansk folkemusikk framført med ein herleg entusiasme som få andre band kan måle seg med.

– Vi er strålande nøgde med å kunne presentere dette musikalske trekløveret til opningsdagen av Malakoff17. Ein får servert tre fabelaktige liveartistar som veit å glede sitt publikum. Vi garanterer god stemning frå start til slutt, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Dermed er Biffy Clyro, Karpe Diem, Turbonegro, Duvioza Kolektiv, Janove, Spidergavd, Dagny og Kjartan Lauritzen klare til Malakoff-festivalen.

Festivalen opnar torsdag 20.juli og varer i tre dagar til og med 22. juli.

Malakoff har dei siste 4 åra vore utsolgt med 12 000 publikummerar kvar dag, 5 000 festivalcamperar og ei unik festivalstemning.

I løpet av vinteren vil det komme fleire namn på den elles så rikhaldige artist-lista.

Singlane Foals Gold og Backbeat gjorde at Dagny for alvor hamna på radaren i internasjonal samanheng, og ho har sidan kome med fleire herlege hits i albumet Ultraviolet. Foto: Pressefoto
Turbonegro har farta på kryss og tvers over heile verda, og har konsekvent lagt bak seg fulle hus og spekka arenaer. Etter ei lang og vedvarande fartstid er historiene blitt utallege og mytene uendelige. Rumperakett, krangling, verdsherredøme, dop, sex, og rock`n roll er berre ein brøkdel av det. Det som er brennsikkert er at bandet er eit heidundrande rockebeist som alltid leverer eineståande konsertopplevingar, og med eit evig entusiastisk publikum og sin eigen dedikerte armé av tilhengjarar, Turbojugend, kan du sjå fram til eit kvalitetsshow utan like. Foto: Raymond Mosken
Dubioza kolektiv spelar ei deilig blanding av rock, reggae, hiphop, punk og balkansk folkemusikk framført med ein herleg entusiasme som få andre band kan måle seg med. Foto: Goran Lizdek