Mykje skuldast nok det gode tilbodet med gratis etablering og halv pris i januar og februar. Senterleiar Camilla Bugge er veldig nøgd med tala så langt.

– Det er ei blanding av folk som har vore her tidlegare, og heilt nye som melder seg inn. Per i dag har vi 570 medlemmer her på Aktiv trening. Eid er ikkje så stort så dette synest vi er gode tal. Vi opplever at det er fult på gruppetimane vi har. Og det er fult i styrkesalen. Vi merkar godt at det er mange som har starta opp att etter julefeiringa, fortel Bugge.

– Hald ut

Mange har kanskje eit nyttårsforsett om å trene meir, og Bugge håpar at dei som melder seg inn held ut og ikkje gir opp.

– Det tek tid å komme i form, hald ut, så går det bra. Det er berre å spørje oss, vi er her for å hjelpe. Ingen spørsmål er for dumme. Dei som kjem hit verkar å vere veldig nøgde, og seier det er godt å komme i gang igjen. Men sjølvsagt merkar vi også januarblaff hos oss også, men igjen, hald ut så kjem resultata etter kvart, seier ho.

Godt samarbeid

Det er 19 tilsette på Aktiv trening. Alle er instruktørar og fire av dei er også å finne i resepsjonen. På dagtid vert også senteret nytta som treningstilbod for pasientar ved Nordfjordklinikken.

– Nordfjordklinikken brukar treningslokalet for pasientar som treng å trene seg opp, og vi har eit godt samarbeid med dei, seier Bugge.

Helsegevinsten ved å trene er det absolutt viktigaste på senteret, og det som står i høgsetet.

– Det er viktig å halde kroppen ved like, få god helse. Litt trening er betre enn ingen trening. Fysisk aktivitet i minimum 30 minuttar kvar dag pleier vi å sei er minimum.

Vil ha fleire instruktørar

På senteret kan du melde deg på mange forskjellige gruppetimar, og Bugge seier dei ønsker seg fleire instruktørar, og at det berre er til å ta kontakt om nokon har lyst til å prøve seg på eit treningsopplegg.

– Vi har 13 kvinnelege instruktørar og berre ein mann. Så vi skulle gjerne sett at det var fleire mannlege instruktørar her. Innimellom har vi også nokre vikarar.

Ein må vere 13 år og eldre for å få trene på Aktiv trening på dagtid. Og på kveldstid over 16 år for å få eige nøkkelkort. Elevar frå Eid vidaregåande skule er innom av og til for å trene på senteret.

Noko av det du kan velje mellom på gruppetrening er:

– Sykling

– Yoga

– Step/Styrke

– Basisball

– Aktiv senior

– Aktiv styrke

– Sirkeltrening

– Cardio-dance

– TRX – Catslide

– Kettlebell

Elles kan ein gå å trene akkurat når det passar ein sjølv.  Mange har nyttårsforsett om å starte å trene. Og det er desse som gjerne begynner å falle av no i midten av januar. Men følg rådet til Camilla, og hald ut, så kjem resultata om ikkje lenge.

Camilla Bugge er både personleg trenar, instruktør og senterleiar ved Aktiv trening Eid. Ho tek imot deg i resepsjonen og håpar du spør om alt du lurar på. Foto: Anita Ingebrigtsen
Kvar dag mellom 07.00 og 23.00 er det folk og trenar på Aktiv trening. Med eige nøkkelkort kan du trene akkurat når det passar deg. Foto: Anita Ingebrigtsen
Camilla Bugge viser korleis ein Basisball ser ut. Den finst i forskjellige vekt. Foto: Anita Ingebrigtsen
Etter trening kan det vere godt å fylle på energilageret sitt. Her finst plenty. Foto: Anita Ingebrigtsen
Foto: Anita Ingebrigtsen
Foto: Anita Ingebrigtsen
På treningssenteret kan du også slappe av etter treningsøkta. Foto: Anita Ingebrigtsen
På Aktiv trening får du kyndig rettleiing av utdanna instruktørar. Pasientar får rettleiing for å få mest muleg nytte av treninga. Foto: Anita Ingebrigtsen