Politikarane vil bli bedne om å ta stilling til eventuell endring av grensene og korleis ein skal stille seg til søknader frå foreldre som ønskjer at barna deira skal få gå på ein annan skule enn den skulekrinsen dei bur i. Ifølgje Sivertsen gjeld dette i første rekkje enkeltelevar frå Hjelle, Haugen og Stårheim der foreldra av ulike årsaker heller ønskjer at dei skal få gå på skule i sentrum. Dette kan til dømes føre til store klasser på Nordfjordeid skule og reduserte klasser på grendaskular som kanskje allereie i utgangspunktet har få elevar i kvart kull.

Alsaker er eksempel på eit område som i skulekrinssamanheng høyrer til Hjelle, men der alle grunnskuleelevane går på skule på Nordfjordeid.