Kristen starta i butikken til far Olav K. Henden som tolvåring i 1942. Då Norsk Tipping starta i 1948 blei forretninga tippekommisjonær med Kristen som speleansvarleg – ei oppgåve Kristen Henden framleis har, 86 år gamal.

Olav K. Henden er i dag ein G-Sport-butikk, og det er 3. generasjon Henden som driv verksemda, men altså med Kristen som spelansvarleg.

Som trufast og pliktoppfyllande kommisjonær med samme spelansvarleg i snart 70 år, har Olav K Henden med Kristen Henden i spissen, i høgste grad fortent prisen. Dei fekk prisen i konkurranse med Mix Snippen i Namsos og Driftsapparatet i Coop Sør/Vest, som var øvrige nominerte i denne klassen.

Pliktoppfyllande

Thorbjørn A. Unneberg, direktør for Kunde og marked i Norsk Tipping, seier følgjande:

‒ Olav K Henden med Kristen Henden som spelansvarleg er ein representant og ambassadør nettopp slik Norsk Tipping vil ha det; engasjert, pliktoppfyllande og nøyaktig. Det har aldri vore manglar eller unøyaktigheiter frå denne kommisjonæren, som i snart 70 år har representert Norsk Tipping overfor kundane i Gloppen, seier han.

Kristen har komplett arkiv over all korrespondanse med Norsk Tipping, noko som understrekar kor nøye han har skjøtta sitt verv gjennom heile Norsk Tipping si historie. Kristen har elles eit mini-museum med gamalt utstyr, noko som viser kor dedikert han har vore.

Overrasking

– Dette var ei overrasking, sa Kristen Henden då utmerkinga ble kjent. – Eg kan takke min far, som sa ja til å bli kommisjonær i 1948, sa Kristen og fortalte om farens engasjement for lag og foreiningar på Sandane. – Som nummer to vil eg takke dotter mi,  Olin Johanne, som står for drifta no. Ho let meg halde på og hjelpe til med tippinga, sa Kristen ved prisutdelinga.