I fjor feira Eid frivilligsentral 20 år. Dei ynskte seg ei frivilligpolitisk plattform for Eid kommune i jubileumsgåve. Og kommunen stiller opp. Eid har inngått ein avtale med Frivillighet Norge om å vidareutvikle frivilligpolitikken i kommunen.

– Kommunen er avhengig av at det finst eit aktivt foreiningsliv. Dette er grunnleggjande for å skape eit inkluderande og levande lokalsamfunn der folk trivst, seier ordførar Alfred Bjørlo.

– Det er allereie eit godt samarbeid mellom kommunen og frivilligheita, men vi ynskjer å utvikle samarbeidet vidare og no er vi klare for å tenke nytt, held han fram.

Møter både foreiningane og politikarane

Som ein del av avtalen gjennomfører Frivillighet Norge ein arbeidsverkstad for alle frivillige, lag og organisasjonar. Kommunen inviterer alle dei over 220 lag og foreiningane i kommunen til å kome på Operahuset Nordfjord 25. januar på kveldstid. Her kan organisasjonane og andre frivillige kome med innspel om sine utfordringar og om kommunen si rolle som tilretteleggjar for frivilligheita og som samarbeidspart.

Frivillighet Norge skal også møte kommunestyret og adminsitrasjonen som også skal ha ein arbeidsverkstad. Resultata frå møta skal nyttast både til å utforme ein kommunal frivilligpolitikk og i kommunen sitt planarbeid.

– Vi er glade for at vi kan bistå Eid kommune i videreutviklinga av frivilligpolitikken, seier assisterande generalsekretær Ida Marie Holmin i Frivillighet Norge.

– Kommunar som kjenner og spelar på lag med breidda av det frivillige livet i kommunen sin står godt rusta for framtida. Både kommunen og frivillige lag og foreiningar er lokalsamfunnsbyggjarar og treng ein god dialog. Kommunen gjer lurt i å anerkjenne og heie på frivilligheita i kommunen sin, seier ho.