Birte Kristiansen (Høgre) grunngjev sin søknad om fritak frå politisk verv, og som medlem i oppvekst og kulturutvalet, med at ho i august 2016 flytta til Bergen for å studere.

─ Eg ber difor om permisjon frå mine oppgåver i Eid Høgre, og inn mot vedtak i Eid kommune. Eid Høgre har varamedlemer som eg vonar kan ta oppgåvene eg har hatt. Dersom det er nødvendig kan eg stille ved behov. Men eg ser det som meir teneleg for Eid Kommune at innbyggjarane er involvert i politikken.

Flytta til Førde

Bjørn Totland ber om fritak frå politisk verv som varamedlem til Oppvekst- og kulturutvalet i Eid kommune. Bjørn grunngjev sin søknad med at han 1. januar 2017 flytta til Førde, der han tek over som A-lagstrenar for Førde IL sitt herrelag.

─ Eg ber difor om permisjon frå mine oppgåver i Eid Høgre, og inn mot vedtak i Eid kommune. Eid Høgre har mange varamedlemmer som eg vonar kan ta oppgåvene eg har hatt. Eg stiller sjølvsagt ved behov når det krevst, men ser det som meir nyttig om dei som bur i kommunen er involverte.