Programkomiteen med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i spissen presenterte torsdag forslaget til nytt partiprogram for Høgre den neste stortingsperioden. Der går dei eit grundig hakk vidare enn tidlegare Høgre-vedtak om å gjere eksamen i skriftleg sidemål valfri. Det nye er at partiet no òg vil fjerne den obligatoriske undervisninga i skriftleg sidemål, om programkomiteen får tilslutning på partilandsmøtet.

– Sidemålsundervisninga skal handle meir om litteratur og språkforståing, seier Torbjørn Røe Isaksen til NRK.

– Sidemålsundervisninga fungerer ikkje

– Slik sidemålsundervisninga er i dag, særleg i den vidaregåande skulen, fungerer ho ikkje. Undervisninga gjer ikkje at fleire elevar blir glade i nynorsken, seier Isaksen.

I programforslaget heiter det at talet på karakterar i norskfaget skal reduserast frå tre til to, éin i munnleg og éin i skriftleg norsk. Dessutan vil programkomiteen avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring. Til gjengjeld skal elevane møte tekstar på både nynorsk og bokmål gjennom heile skulegangen.

– Eit angrep på nynorsken

Leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, har inga tru på at elevane kjem til å lære seg nynorsk ved å lese nynorsk litteratur og ser framlegget som eit angrep på nynorsken.

– Skal ein lære seg nynorsk, må ein lære å skrive det. Vi har eit nasjonalt kompromiss som går ut på at vi har to offentlege språk, og elevane skal lære begge, seier Aasbrenn til NRK.

Framlegget rammar særleg den store majoriteten som har bokmål som hovudmål, meiner han.

– I praksis blir det eit angrep på nynorsken. Eg synest det er veldig rart at Isaksen den eine veka seier vi har ein kulturkanon, som skal satse på norske verdiar, for så å seie at elevane ikkje skal lære sidemål, seier Mållags-leiaren.

– Eit angrep på nynorsken, meiner Mållags-leiar Magne Aasbrenn om framlegget frå programkomiteen i Høgre om å avvikle undervisninga i skriftleg sidemål i skulen. Foto: Noregs Mållag