Reguleringsplanen for Stad skipstunnel blei torsdag lagt fram av Kystverket, med konklusjonen at dei tilrår utbygginga. Kostnadsramma er sett til 2,5 milliardar kroner.

– Dette er utruleg stort for regionen og det betyr mykje for tryggleiken til dei som passerer forbi her. No er det berre tida og vegen fram til vedtaket i juni, seier ordføraren i Selje, Stein Robert Osdal, til NRK.

Kystverket peikar på at sjølv om tunnelen blir sett på som samfunnsøkonomisk ulønsam, så finst det mange utbyggingar som ikkje blir sett på som lønsame, men som likevel har andre ringverknader og funksjonar som gjer det forsvarleg å gjennomføre.

Dersom politikarane vedtek bygginga i juni, kan arbeidet starte om godt og vel to år. Kystverket reknar med at det vil ta tre til fire år å fullføre bygginga av tunnelen.