I dag spekulerer dei på kommunesamanslåinga mellom Eid, Selje, at Bryggja vil vere med forstår dei godt sidan føremålet er å behalde skulen som Vågsøy vil legge ned. Sidan Vågsøy ikkje ønskjer å bli med i denne konstelasjonen, spøkar nokre med at då kjem vel Vågsøy og Stryn til å inngå kommune samarbeid som det neste.

Det kloke bordet

– Det er veldig sosialt, koseleg og viktig å møtast kvar dag. Det er alltid nokon som tenker på deg viss du er vekke nokre dagar, og spør etter deg, seier Gunnar Bugge.

– Det er eit flott kjøpesenter. Her kan vi sitte og følge med på det som skjer, seier Magnar Remme.

– Eg synest det er greitt med ein større kommune. Eg har køyrd boss i mange år, og har sett at det blir meir og meir fråflytting frå distrikta. Ungdom vil ikkje bu i utkanten, men busette seg i sentrum. Dei eldre sel husa sine og flyttar inn til sentrum. Mange rundt dette bordet har også gjort nettopp det. Eg trur kommunesenteret blir liggande her. Veksten skjer der kommunesenteret ligg, det ser vi skje allereie, seier Finn Stavenes.

– Eg tru framleis dei som bur i Selje kjem til å bli buande der. Eg trur ikkje Selje blir noko meir utkant enn dei allereie er, sjølv om dei går med i ei større kommune. At Bryggja vil bli med er jo på grunn av skulen, at dei håpar dei får behalde den. Så blir det ei samanhengande grense med Selje om Bryggja blir med. Eg ser jo folk utanfrå som kjem hit å handlar heile tida, seier Remme.

Vågsøy og Stryn?

Mons Smørdal ser ikkje noko negativt med å slå saman Eid og Selje, men Bryggja må med om det skal bli noko av det.

– Seljeværingane er her og handlar likevel, seier han.

John Roar Øien trur det bryggar opp til strid i ytre, når Bryggja vil rive seg laus frå Vågsøy.

– Det er positivt for Eid viss dei får det til at Bryggja slår seg saman med dei. Elles vert det merkeleg å ha Bryggja liggande midt imellom. Om dei kjem med blir dei liggande midt i sentrum og det kan slå positivt ut. Men det spørst om Vågsøy vil gje frå seg Bryggja. Men kommunane er ikkje større her omkring enn at ein burde kunne bli samde med kvarandre.

Då skyt Ernst Paulsen inn:

– Dette opnar vel opp for at Vågsøy og Stryn slår seg saman til ein kommune, seier han spørjande.

Det blir latter rundt bordet.

Folk vil ha fred

– Folk vil ha fred. Det er ikkje folket som har bedt om kommunesamanslåingar. Det vert berre spetakkel av det. I Bryggja vert folket splitta opp, nokon vil med andre ikkje. I det store og heile dreier det seg om pengar, og det folk meiner tel ikkje. I 2020 skal det skje, eg spår mykje spetakkel før den tid, seier Jon Inge Holmøyvik.

Håpar på storkommune

– Eg har ikkje noko imot Selje og Bryggja. Folk frå Bryggja er både saklege, jordnære og koselege. Så kan Vågsøy berre vere for seg sjølv, eg synest dei har vore for arrogante. Eg begynte med forsikring i 1981, og allereie då fekk eg høyre at servicen på Nordfjordeid var mykje betre enn i Måløy, og sidan den gong har eg ikkje kjøpt eit einaste klesplagg i Måløy. Det er trivelegare service her enn i Måløy, sjølvsagt finst det unnatak. Eg trur heller ikkje at kulturforskjellen mellom Selje og Eid vil bety stort. Det er eit betre samarbeidsklima mellom dei, enn med Vågsøy, seier Gunnar  Bugge.

Samstundes håpar han på ein storkommune med alle dei sju kommunane i Nordfjord samla. Han synest prosessen går fort.

– Eg forstår ikkje kvifor ikkje alle sju kommunane kunne slå seg saman. Eg meiner også at Vanylven burde blitt med i ein Selje-Eid kommune, saman med Bryggja. Ein annan god ide er at Eid slår seg saman med Volda, med tanke på å styrke sjukehuset. Så kunne vi fått ei bru over Voldsfjorden. At ikkje Ørsta og Volda slår seg saman, er også heilt  uforståeleg for meg, seier Bugge.

Folk stemmer ut ifrå kjensler

Gunnar Bugge meiner at det i dei aller fleste tilfelle bør vere ei folkeavstemming. Der er også Ketil Totland einig i, også han trur på ei Nordfjord kommune beståande av alle sju kommunane i framtida.

– Eg trur det er ei fornuftig løysing på det heile, ein bør så avgjort få fleire kommunar med, og eg håpar Vågsøy blir med, gjerne Gloppen også. Poenget må vere at Nordfjord samlast, og eg trur at det er det som kjem til å skje i framtida, då vil også namnet på kommunen gje seg sjølv. Ein skal ha respekt for lokale val. Eg trur dette er første steg mot ei felles kommune for dei tre både Eid, Selje og Vågsøy. Men det er særs viktig at politikarane tenker nøye gjennom dette. At eidarane er positive til samarbeid med andre er ein verdifull eigenskap, seier Totland.

Fleire attraksjonar

Finn Egil Eide meiner det er fornuftig at Eid og Selje går saman.

– Då får Eid ei opning mot fjorden, og det er bra, for vi manglar ei skikkeleg hamn. At vi også får fleire sjåverdigheiter som Sunniva kloster, Stad skipstunnel når den kjem er jo positivt. Viss Bryggja søker deg ut av Vågsøy kommune for å komme til Eid/Selje så går det sikkert igjennom vil eg tru, seier Eide.

John Roar Øien t.v. trur det bryggjar opp til strid når Bryggja vil lausrive seg frå Vågsøy. Gunnar Bugge t.h. synest heile prosessen har gått litt for fort. Foto: Anita M. Ingebrigtsen
Kvar dag er det nye møter rundt kafebordet på Amfi Nordfjord. Mellom 15 og 18 pensjonistar kjem for å diskutere stort og smått og løyse verdsproblem. Foto: Anita M. Ingebrigtsen
Kvar dag er det nye møter rundt kafebordet på Amfi Nordfjord. Mellom 15 og 18 pensjonistar kjem for å diskutere stort og smått og løyse verdsproblem. Foto: Anita M. Ingebrigtsen