Bakgrunn  for Marit Botn Lefdal si bøn om betre tilgang for grupper som har vanskar med å kome seg opp steintrappa og inn i kulturhuset, er planar om eit kjøkkentilbygg til Gamlebanken. Planar som ho ikkje motset seg, men at same prinsipp for tilbygg også må gjelde for andre. Argumentasjonen for å ikkje bygge tilkomst til desse gruppene er ikkje gløymde, men er kanskje ikkje gjeldande i dag, seier Marit Botn Lefdal til Fjordabladet.

Kjøkkentilbygg

Nordplan har på vegner utbyggjar Øyvind Bjørlo AS søkt om løyve til å setje opp eit tilbygg til Gamlebanken som skal nyttast som kjøkkenavdeling for Bankkjellaren Bar- og gjestestove.

Tiltaket inneber oppføring av kjøkencontainer i samband med drift av restauranten. Bygget er planlagt plassert heilt i grensa til Hildenes gartneri og Sparebanken Vest nordaust for Gamlebanken. Arbeidstilsynet krev at arbeidspassar på kjøkken skal ha dagslys og utsyn.

Brev til ordføraren

I eit brev til Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) viser Marit Botn Lefdal til denne saka, som stod i Fjordabladet fredag 6. januar, og .

− Les i Fjordabladet om tilbygg for kjøkken til Kulturhuset Gamlebanken. Dette er nok ønskjeleg og bra for dei som skal bygge dette. Eg vil då minne kommunen om tidlegare innspel for å legge til rette for tilkomst for at rullestolbrukarar, barn, vaksne og eldre som har vanskar med å kome seg til hovudetasjen (1.etasje) i kulturhuset. I dag er det mange som ikkje får ta del i dei mange, fine song- og musikkarrangement, måleri- og bildeutstillingane og andre kulturaktivitetar i Kulturhuset Gamlebanken, skriv Marit Botn Lefdal.

Ikkje gløymde

− Med å gje løyve til dette tilbygget ber eg på vegne av fleire, om at kommunen må finne løysingar som legg til rette for tilkomst til 1.etasje for nemnde grupper. Vil minne om tidlegare innspel for å få løysing på tilkomst for desse gruppene med bygging av heis ved steintrapp på framsida eller baksida av kulturhuset. Argumentasjonen for å ikkje bygge tilkomst til desse gruppene er ikkje gløymde, men er kanskje ikkje gjeldande i dag.

Håpar dette kan løysast ved at tilbygg for kjøkken til Kulturhuset får byggeløyve, skriv Marit Botn Lefdal i brevet til ordføraren.

Kjøkkentilbygg til Gamlebanken som skal nyttast som kjøkkenavdeling for Bankkjellaren Bar- og gjestestove. Sett mot nord. Foto: Nordplan
Kjøkkentilbygg til Gamlebanken som skal nyttast som kjøkkenavdeling for Bankkjellaren Bar- og gjestestove. Foto: Nordplan