Stemninga for å flytte over frå Vågsøy kommune til Eid-Selje kommune var stor under folkemøtet på Bryggja i ettermiddag. Mange samla seg rundt bordet i gangen for å skrive under på listene for grenesjustering.

Sverre Solibakke, som er med i den gruppa som skal ta denne saka vidare til fylkesmannen, seier at endå fleire ønskjer å skrive under.

-Mange som ikkje kunne vere på møtet har kontakta oss fordi dei vil skrive under. Vi kjem til å leggje lister på butikken og gå rundt til folket i bygda, seier Solibakke som allereie til veka vil sende søknad til fylkesmannen om grensejustering mellom Vågsøy og Eid kommune. Slik at Bryggja kan bli tilhøyrande den nye kommunen Eid-Selje.

Søkanden skal først til fylkesmannen og vidare til kommunaldepartementet. Så kan Vågsøy kommune gjennomføre ei høyring, eventuelt i form av ei folkerøysting innan Bryggja krins, eller ei spørjeundersøking.

Tanken om overflytting blei for alvor aktuelt etter at Vågsøy kommunestyre i budjetthandsaming før jul gjekk inn for å leggje ned Bryggja skule. Dette skal opp til endeleg avgjerd til våren.

Mindretalet på møtet argumenterte med at Eid kommune også legg ned skular, og at det er langt inn til Stårheim, som er den næraste offentlege skulen.