Trykk på pila til høgre for å sjå fleire bilde.

Ifølge statsmeteorolog Haldis Berge vil ekstremvêret 2. juledag vere på det kraftigaste når den dreier frå vestleg til nordvestleg retning, rundt 15-17 i ettermiddag.

Flyttar grunne høg vasstand

Sivilforsvaret flyttar altså no utstyr frå kaia, for å vere sikre på å komme til det viss behovet skulle vere ute. Kjell Ingar Taugbøl og Jonny Sundal er klare om Sivilforsvaret vert kontakta.

– Det er allereie høg vasstand i Nordfjordeid sentrum, og utstyret vårt ligg litt dårleg til her på kaia viss vatnet skulle stige endå meir. Floa skal vere på det høgste klokka 15.00, og det er endå tre timer til, så difor flyttar vi alt utstyret herifrå, seier leiar for FIG (Fredsinnstatsgruppa frå Sivilforsvaret).

TIPS FJORDABLADET 57885310/48119849