I boka «Hestehandlaren Kjell Opseth» av Dag H. Nestegard (Gyldendal 2016) omtalar forfattaren Opseth som ein «Late Bloomer», ein som gjorde karriere som godt vaksen. Han var over førti då han overtok stortingssetet etter Oddleiv Fagerheim i 1981, og han var midt i 50-åra då han blei statsråd i Gro Harlem Brundtlands tredje regjering i 1990.

«Han kom seint men godt», er eit kjent sitat i boka «Skipper Worse» av Aleksander Kielland. Sitatet passar uvanleg godt på samferdsleministeren(1990 – 1996)Kjell Opseth. Som 56-åring i 1992, og med ein mangeårig bakgrunn som «backbencher» i AP si stortingsgruppe, forbløffa Opseth heile nasjonen ved først å få fleirtal for ny trase for E 16 via Lærdal, med ein vegtunell på 2,4 mil. Deretter skar han gjennom og fekk fleirtal for å lokalisere den nye hovudflyplassen til Gardermoen. Dermed hadde ei av dei mest betente sakene i norsk samferdslehistorie fått ein lukkeleg slutt.

«Dei får berre halde på»

Opseth er vel ein av dei staaste politikarar landet har fostra. Han hadde sikra seg alltid ryggdekning i dei tunge sakene han gjennomførte, og hadde sjølv god innsikt i samferdslesektoren. Og han kunne vere kjapp i vendinga til sunnfjording å vere. Dermed kom kritikarane ingen veg når han la ryggen til. Ein kan lett sjå ein viss arroganse når han ofte avfeia kritikk med utsegna: «Dei får berre halde på». Det vart og truga med riksrett for embetsforsømming, men Opseth sto fast, og i Stortinget var han sterk i argumentasjonen.

Pragmatisk kraftsosialist

Opseth kan seiast å vere både pragmatisk og kraftsosialist. Dermed fekk han etter kvart stjernestatus i industristadane i Sogn. Men og i heimkommunen Førde sto han sterkt ved å engasjere seg i familiebedrifta Førde Sementvare, trottig kamp for å gjere Førde stort og mektig, og iherdig kamp for flyplassen på Bringelandsåsen.

Sentralist

Som politikar var Opseth ein reindyrka sentralist, og fekk difor mykje motbør då han i styret for Sentralsjukehuset kjempa einsidig for å styrke Sentralsjukehuset. Ikkje minst i Nordfjord var dei arge over sjukehussentraliseringa. Men i AP talde liksom ikkje meiningane i Nordfjord så mykje. Sognepampane i partiet kalla gjerne Nordfjord «det mørke fastland» i partisamanheng.

Så heilsvart var det vel ikkje. Alle nordfjordkommunane minus Selje og Gloppen har hatt AP-ordførar dei i periodar dei siste tiåra.

Opprør i Nordfjord

Arbeidarpartiet hadde i 1981 vedteke at det skulle vere full likestilling mellom kjønna på dei sikre plassane på partilistene. AP her i fylket hadde to sikre plassar, og følgjeleg skulle det vere ein mann og ei kvinne på desse plassane. Då nominasjonsnemnda i partiet hausten 1984 ikkje tok hensyn til dette, men plasserte to menn på dei to første plassane, vakte det stor forarging i partilaga i Nordfjord og Florø. Som nummer to på lista var plassert Kjell Opseth, vald inn på Stortinget i 1981.

Opprørarane sin kandidat var Anne Grethe Krogh frå Selje. Det var venta stor dramatikk på nominasjonsmøtet i AP på Nordfjordeid 8. og 9. desember 1984, og media stilte mannsterkt opp med Laurdagsrevyen og Ukeslutt i spissen.

Truga av kjønnskvotering

Det blei ein hard debatt, men resultatet var gitt. Partilaga i Sogn og Førde sette partivedtektene til side og sette to menn på dei sikre plassane på stortingslista. Opseth si politiske framtid var dermed sikra. Etter reglane om kjønnskvotering skulle Opseth ikkje ha vore renominert, men slik som maktforholda var i fylkespartiet med ein allianse av kraftsosialistane i Sogn og førdianarane var resultatet gitt.

Eit nytt nominasjonsmøte som var pålagt av AP sentralt gav det same resultatet. Men ein ting hadde opprørarane oppnådd: Ved seinare nominasjonar i AP var det aldri noko spørsmål om det skulle vere likestilling på vallistene.

«Politik är at vilja»

Dette sitatet til den svensk sosialdemokratisk kjempa Olof Palme, beskriv perfekt Opseths syn på politisk arbeid. Men å vilje sterkt og mykje generer gjerne motstand og motvilje. Opseth er mellom anna skulda for å ha forlengja E16 unødig ved å leggje delar av han gjennom indre Sogn, for å lagt kystriksvegen E 39 i ein indre trase gjennom Førde, for å ha ført ein litt for engasjert kamp for Førde Lufthamn Bringelandsåsen og for å gjeve heimefylket og Vestlandet ein for stor del av samferdslemiddelkaka til ufordel til andre delar av landet. Det siste kan lett tilbakevisast. Austlandsområdet fekk mest då som no.

Sosialist

Der er mange definisjonar på sosialisme. Forfattaren Agnar sin var: «Sosialisme er reine kroppar og symfonimusikk i fabrikkane». Denne hadde nok ikkje Opseth heilt sansen for. Heller då Lenins som meinte at sosialisme var elektrisk kraft og tungindustri. For øvrig var nok ikkje Opseth verken ideologisk skolert eller opptatt av ideologi. Han var mest oppteken av å få ting gjort. Som politikartype høyrde han meir heime på femtitalet der utbygging av infrastruktur og industri var meir sentralt enn mot slutten av hundreåret

Men nedgangskonjunkturane og ei dramatisk auke i arbeidsløysa tidleg på nittitalet gjorde at staten var svært raust med pengar til motkonjunkturpolitikk, og Arbeidarpartiet hadde sitt mest pragmatiske og avideologiske tiår. Dette var ein setting som passa Opseth perfekt; rett mann på rett plass til rett tid.

Lurt av ein råkapitalist

Etter å ha avslutta si politiske karriere, starta Opseth sitt eige firma innan bedriftsrådgjeving. Han blei engasjert av Carl Fredrik Seim, som seinare fekk fengselstraff for svindel. Opseth og andre tidlegare AP-toppar hjelpte Seim med å slakte bergensbedrifta Mjellem og Karlsen AS, med hundremillionarsgevinst. Opseth og Co tente og godt på Seims svindel. Opseth kommenterte kritikken mot han på tradisjonell oppsethsk vis. «Eg betalte skatt, arbeidsgjevaravgift og moms».

Her fekk Opseth ei brei stripe i lakken. I denne saka kunne det gjort seg med ein anna tilnærming enn den reint teknokratiske.

Bra levert Nestegard

Nestegard har levert eit solid og svært interessant arbeid. Ikkje berre omhandlar det politikaren Kjell Opseth, men og ein god del slektshistorie, lokalhistorie og norgeshistorie. Eit omfattande noteapparat gjer det lett å gå forfattaren etter i saumane.

Det er ikkje så lett i skrive spenstig om Opseth. Han er ingen fargerik mann, heller ein tørrpinn av ein arbeidsmaur. Som trygt plassert på høgresida i AP, står han heller langt frå andre fargerike AP-folk fylket har fostra som den intellektuelle flåkjeften Einar Førde frå Høyanger, og den seinare venstresosialistiske romantikaren Oddleiv Fagerheim.

Men i Brundtland III-regjeringa 1990 – 1996 passa Kjell Opseth som hand i hanske.

Kjell Opseths Plass

Opseth har ennå ikkje fått noko statue eller byste, men det kjem nok. Men han har fått ein plass oppkalt etter seg. Kjell Opseths Plass står det ved ferjekaia i Skutvik på Hamarøya i Nordland. Dette er takken for at Opseth i si tid var med på å sikre fortsatt drift av ferja mellom Skutvik og Svolvær då den var nedleggingstruga etter at Lofast vart opna.