I dag fekk Eva Weel skram tildelt Luttprisen for tredje gong.

Det er ein folkejury som har kåra vinnaren, saman med ein fagjury. Prisen er ein kunstdiplom og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. I år kom det inn heile 5000 røyster frå publikum.

-Overraska og utruleg glad

Prisen vart delt ut i Stavanger laurdag, sidan Eva har ein større spelejobb i oljebyen denne helga.

- No blei eg veldig veldig overraska og utrulig glad. Kjenner eg er djupt takknemmeleg over å få ei slik annerkjenning, etter det som har vore det mest hektiske, men og det mest fantastiske året eg har hatt nokon sinne! Tusen takk til juryen og til alle som har stemt, og til alle som på ein eller annan måte har fulgt meg dette året. Det har vore heilt magisk, seier Eva Weel Skram.

Les meir på NRK

Desse har fått Luttprisen tidlegare:

2015: Good Time Charlie

2014: Thea Hjelmeland

2013: Karl Seglem

2012: Vreid

2011: Eva Weel Skram

2010: Sigrid Moldestad

2009: Håvard Lothe

2008: Generous Days

2007: Sigrid Moldestad

2006: Eva Weel Skram