Dette sa ordførar Alfred Bjørlo si tale under den offisielle opninga av den nye fleirbrukshallen ved Nordfjordeid skule torsdag.

– Dette er eit bygg som kjem til å gje glede, dag ut og dag inn i generasjonar framover. Berre det er verdt kvar einaste krone. Vi skriv rett og slett Eida-historie med å stå her i dag og gjere oss klar til opning, sa Bjørlo.

Gratulerte elevane

Han gratulerte rektor, lærarar og andre tilsette på Nordfjordeid skule og idretten i Eid.

– Men mest av alt: Gratulerer til alle de som er elevar på Nordfjordeid skule. For i dag startar ei ny tid, sa Bjørlo, og fortalde korleis stoda var då han sjølv var elev ved skulen for litt over 30 år sidan.

– Då brukte vi den same gymsalen som sto her fram til i fjor. Også då - for 35 år sidan - synst vi han var ganske gammal. Også då synst vi han var veldig liten. Og altfor trong til at det var skikkeleg artig å ha gym inne. Då gymsalen blei riven i fjor, hadde han stått der i  over 50 år. 50 år!  Sidan før de var fødde. Sidan før foreldra dykkar var fødde. Sidan besteforeldra dykkar var små. Så då skjønnar de kor spesiell dagen i dag er. Vi opnar ein ny hall på Nordfjordeid skule, for første gong på 50 år, sa Bjørlo.

– Ny samlingsstad

– Vi har lenge sett at hallen er fin på utsida. Men eg trur alle som kom inn her i dag, fekk hakeslepp og ikkje heilt trudde sine eigne auge då de fekk sjå kva bygg dette eigentleg er. For dette kjem til å bli ein ny samlingsstad i Eid - ein fleirbrukshall i aller vidaste forstand, sa Bjørlo.

– Kvar einaste skuledag er det den store, flotte, moderne kroppsøvingssalen 330 skuleborn på Nordfjordeid treng og fortenar. No går det an å slå seg laus. Ha idrettsglede. Å springe rundt utan å dulte bort i andre eller i ein vegg. Å ha ballspel slik det skal vere. Å ikkje bruke opp halve gymtimen på å gå ned og opp til Eid Idrettshus, sa Bjørlo, som understreka at det å bevege seg, å ha kroppsøving, er noko av det viktigaste vi gjer.

Storstove

Han understreka at Nordfjordeid skule no fått den samlingsstaden skulen aldri har hatt.

– I skyveamfiet er det plass til 300 personar. På golvet nedanfor 3-400 personar til. Her kan elevar og lærarar samlast og oppleve fellesskap mykje oftare enn før.  De har fått dykkar eiga storstove, og det fortener de også, sa Bjørlo.

Ordføraren la til at hallen kjem til å bli svært mykje brukt også utanom skuletida, ikkje minst ved at handball og turn vil få heilt nye vilkår.

– Dei vil no få den plassen, det armslaget, dei ikkje har hatt nede i overoppfylte Eid idrettshus, sa Bjørlo, som la til at drill og musikk og nye ballidrettar ein ikkje har hatt plass til på Nordfjordeid også vil få nye føresetnader.

– Her er dansesal, styrkerom, moderne og flotte garderobar, god plass til utstyr, tipp topp lydanlegg, kjøken og kafé for små og store arrangement - ja det er rett og slett kvalitet frå A til Å, sa Alfred Bjørlo.