Fylkestinget meiner behova for redusert reisetid og transportkostnadar for både nærings- og persontransport, samt betre vinterregularitet, bør vere avgjerande for val av nytt hovudvegsamband. Statens vegvesen meiner rv. 52 over Hemsedalsfjellet tilfredstiller desse behova best, og fylkestinget stiller seg no bak dette.

Ferjefritt Mannheller–Fodnes

Fylkestinget legg til grunn at rv. 52 som andre hovudvegsamband i framtida vil gje ei kopling til rv. 5 – med ferjefritt samband mellom Mannheller og Fodnes og utbetring av kritiske punkt. Ei slik tilknyting meiner fylkestinget kan fange opp store delar av aust-vesttrafikken frå Sogn og Fjordane og delar av Sunnmøre til Austlandet.

Fylkestinget føreset også at E16 både over Filefjell og gjennom Valdres vert fullført som planlagt, sjølv om vegen ikkje lenger vert hovudvegsamband.

Haukeli er hovudveg

Det var i møtet 6. desember at fylkestinget vedtok fråsegna til konseptvalutgreiinga for dei to alternativa for nytt hovudvegsamband over Austlandet og Vestlandet. Vedtaket vart gjort mot røysta til Stein Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne.

Alternativet til rv. 52 som hovudvegsamband nummer to, er rv. 7 over Hardangervidda. E 134 over Haukeli er alt vedteke som det nasjonale hovudvegsambandet mellom aust og vest.

Stortinget bestemmer kva som blir det andre hovudvegsambandet våren 2017, i handsaminga av Nasjonal transportplan 2018–29.